Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Remi Sølvberg og Marie Sneve Martinussen om en god posttjeneste for framtiden (Innst. 280 S (2025–2026), jf. Dokument 8:229 S (2025–2026))

Innlegget

Takk for svaret. Det som er tingen her no, er at vi ser at antal brev og det som går i post, vert mindre i den digitale verdenen. Når vi ser oss rundt i verda og ikkje minst her i Europa, kan vi sjå kor viktig det kan vere å få fram informasjon, f.eks. når det er krig. Det kan òg vere andre faktorar som gjer at Posten vil ha ei viktig rolle. Ser ministeren problemet i framtida viss vi skal ta nye grep, og vi ikkje har gjort ting Posten kan gjere, som vil vere viktig for å ivareta den rolla dei har når det gjeld beredskap, at dei får fornuftige roller? Då kunne eit prosjekt som dette vore kjempebra for nasjonen og ein tryggleik for innbyggjarane. Det kunne òg gjort at mange kunne ha budd heime lenger. Eg slepp ikkje heilt taket på dette. Eg skjønar at dette ikkje er området til ministeren, men likevel er det viktig for det norske folk og for Posten at vi kan ha tryggleik for at det er gode tenester.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat