Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakDebatt om utenriksministerens redegjørelse om viktige EU- og EØS-saker i 2026 (Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 12. mai 2026)
Innlegget
Utanriksministeren seier at regjeringa ikkje vil ta initiativ til ein prosess for å bli medlem i EU. Det er utvilsamt klokt viss ein er tilhengar av norsk EU-medlemskap, for hadde det vore ei folkerøysting no, ville ja-sida ha gått på ein solid smell. Nei-fleirtalet i Noreg er solid og har vore det lenge. Det hjelper vel heller ikkje å gjera den britiske statsministeren til sanningsvitne om EU, slik utanriksministeren gjorde i utgreiinga si. Keir Starmer har aldri vore meir upopulær og blir neppe sitjande lenge i stolen. No er det visst Island som skal redda den norske ja-sida. Er det slik at Arbeidarpartiet håpar at «Island-effekten» skal få Noreg inn i EU? Det kunne høyrast ut slik. Island skal ha folkerøysting om dei skal gå inn i forhandlingar eller ikkje. I det spørsmålet er det jamt på målingane, men det er samtidig eit solid nei-fleirtal når det gjeld sjølve medlemskapsspørsmålet. Siste måling viser at 46 pst. seier nei og 31 pst. ja. Eg trur det er betre å diskutera EU og EØS ut frå kva dei norske interessene er, og kva me vil med det norske samfunnet, heller enn å lena seg på skiftande politiske vindar i andre land. Den kunnskapsbaserte debatten som ja-sida seier at dei vil ha, blir òg betre viss EU- tilhengjarane legg frå seg stråmenn og karikaturar av kva me på nei-sida meiner. Utanriksministeren manar til det han kallar meir europeisk samarbeid. SV er for europeisk samarbeid, gjerne meir av det òg, men utanriksministeren lagar stråmenn om at EU-motstandarar ønskjer at Noreg skal stå aleine og venda seg innover. Kan det tenkjast at me ikkje er imot samarbeid, men at spørsmålet er kva slags samarbeid? Det SV tek til orde for, i alle fall, er eit samarbeid som ikkje inneber underkasting, suverenitetsavståing og svekking av det norske folkestyret. Det har oppstått ein interessant dobbeltkommunikasjon om det er mogleg å framforhandla unntak eller ikkje i forhandlingar med EU. Regjeringa meiner at det ein illusjon å tru at Noreg kan få betre vilkår enn i dag viss me reforhandlar EØS-avtalen. Derimot er det visst gode sjansar til å få tilpassingar og unntak på viktige tema viss me hadde starta medlemskapsforhandlingar. EU er altså umoglege å rikka i det eine tilfellet og svært imøtekomande i det andre, viss ein skal tru utanriksministeren. Eg har to moglege forklaringar på dette. Den eine kan vera at regjeringa fortel eventyr som er tilpassa sitt eige ønske om å bli EU-medlem. Den andre kan vera at det er EU som har ei sterk interesse av at Noreg skal bli medlem – og då må me i så fall spørja oss sjølv kva den interessa består i. Kan det vera kontroll over norske naturressursar? Eg vil òg kort kommentera dei tre aspekta av tryggleik som utanriksministeren trekte fram. I sikkerheitspolitikken er ikkje EU eit spesielt relevant svar for Noreg. Sikkerheitsalliansar må baserast på eit reelt interessefellesskap, og det finn me i fyrste rekkje med dei nordiske og andre nordeuropeiske naboland, ikkje i eit EU som spriker i alle retningar. Når det gjeld økonomisk tryggleik, må det byggjast på at me har demokratisk kontroll over eigne naturressursar, og at me har industri som foredlar råvarer. Politikken til EU har derimot, gjennom fleire tiår, betydd avindustrialisering. Det er ikkje ein politikk Noreg bør kopiera eller underleggja seg. Til sist om demokratisk tryggleik: Utanriksministeren løfta fram betydinga av å hegna om demokratiet, og det gjorde han rett i. Men EU er ikkje noko velfungerande demokrati. Der blir makt flytta frå folkevalde organ til byråkratiske, overnasjonale institusjonar. Eg vil minna om at autoritære, ytre høgre krefter er på frammarsj i sentrale EU-land. Difor er det viktig for folkestyret i Noreg at Noreg framleis er utanfor EU.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat