Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 19. mai 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakDebatt om utenriksministerens redegjørelse om viktige EU- og EØS-saker i 2026 (Redegjørelsen holdt i Stortingets møte 12. mai 2026)

Innlegget

Eg har lyst til å starta med å seia at eg er glad for at utanriksministeren er tydeleg på at det er forskjell på å ha debatt om EU – det likar jo både utanriksministeren og eg å ha – og det å starta ein medlemskapsprosess, som er eit heilt anna spørsmål. Berre ein rask kommentar til dette med nordisk samarbeid i sikkerheitspolitikken, først og fremst. Eg synest utanriksministeren er noko urettferdig når han lèt som at eg diktar opp ein heilt ny organisasjon til det føremålet. Poenget er jo at dei nordiske landa samarbeider godt i sikkerheitspolitikken i dag, og me bør styrkja det. Så til spørsmålet, som handlar om handlingsrom og moglegheit til å få unntak og tilpassingar der EU sine lover er dårleg tilpassa Noreg. Kvifor er det sånn at den moglegheita berre oppstår idet me søkjer om medlemskap? Kvifor kan me ikkje arbeida for betre tilpassingar i dag, f.eks. i energipolitikken? Eller er EØS eit reint diktat der me berre må ta imot?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat