Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Morten Stordalen, Kristoffer Sivertsen, Rikard Spets og Tor Mikkel Wara om kostnadsberegninger for å nå Norges klimamål (Innst. 283 S (2025–2026), jf. Dokument 8:174 S (2025–2026))

Innlegget

Dette synest eg er eit litt artig forslag, for trass i at Framstegspartiet gjentekne gonger har fått svar på spørsmålet om kostnader knytte til klimatiltak og klimamåla våre, ber FrP på nytt igjen om eit anslag på kva dette vil kosta, då altså frå 1990-nivå. Det FrP i realiteten ber om, er å bruke ressursar frå fellesskapet på å rekna på fortida i staden for å løysa framtidas problem. Kva inneber eigentleg dette forslaget? Jo, det inneber å bruka pengar på å laga eit hypotetisk Noreg, eit Noreg som aldri førte klimapolitikk, eit Noreg utan CO2-avgifter, utan kvotesystem, utan teknologiutvikling og utan grøne investeringar. Det i seg sjølv er ikkje berre metodisk krevjande, det er sløsing med ressursane til fellesskapet. Multiconsult har vist at det i 2024 var ca. 60 mrd. kr i omsetning i fornybarnæringa. Eg lurer på: Skal dette òg vera med i reknestykket til FrP? Dette, å bruka pengar på analysar som ikkje bringar oss éin einaste meter nærmare løysinga, er sløsing med offentlege midlar. Endå viktigare er det at når Framstegspartiet i denne saka stiller spørsmål om kva det kostar å kutta utslepp, bør me òg stilla oss spørsmålet: Kva er konsekvensane av å la vera? Kva kostar det å bryta ein internasjonal bindande avtale, altså Parisavtalen? Kva kostar det når ekstremvêr rammar? Kva kostar det norsk industri som mistar konkurransekraft fordi verda faktisk går vidare utan oss – kva kostar det av arbeidsplassar, spesielt på Vestlandet, når dei mistar konkurransekrafta fordi verda også går vidare utan oss? La oss vera heilt ærlege: Kva vil det kosta dersom Framstegspartiets eigen politikk skal liggja til grunn, ein politikk som inneber å kutta i klimatiltak og bremsa omstillinga? Det er den rekninga vi burde ha diskutert i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat