Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring (Innst. 270 S (2025–2026), jf. Dokument 8:273 S (2025–2026))

Innlegget

I denne saka blir det fremja ei rekkje forslag, bl.a. eit frå Høgre, som vi høyrde om tidlegare, som handla om å innføre obligatoriske innføringsfag i norsk og matematikk for elevar med svakare karakterar i desse faga. Det står vidare at elevar må bestå med eit tilstrekkeleg fagleg nivå før dei går vidare til ordinær opplæring i desse faga. Eg kan vere einig med Høgre i at gode grunnleggjande ferdigheiter i fag som norsk og matematikk er viktig. Her er regjeringa i gang med fleire tiltak, men eg synest likevel at eg må kommentere forslaget frå Høgre, som virka ganske uklart og lite konstruktivt. Kva er det eigentleg som tel som ein svak karakter? Kor lite må ein kunne for å skulle ha obligatoriske innføringsfag, og kor god karakter må elevane ha før dei får lov til å gå vidare med ordinær opplæring? Skal det setjast eit minimumskrav? Kor lenge skal dette vare? Det er altså framleis spørsmål her utan svar. For å vere klinkande klar: Arbeidarpartiet er for god intensivopplæring og tilpassa opplæring, men det må vere ein del av det ordinære opplæringsløpet. Høgre skriv i innstillinga i saka at ein ønskte å setje inn innsatsen tidlegare. Det er jo nettopp det Arbeidarparti-regjeringa gjer, ved å satse på dei aller yngste, å sørgje for dei grunnleggjande ferdigheitene. Med dette forslaget frå Høgre er ein nesten eit tiår for sein for elevane, viss ein skal sikre god opplæring i grunnleggjande ferdigheiter, når ein først set inn tiltak i vidaregåande opplæring, etter at ein har kome inn på linja ein vil gå. Før ein fremjar og behandlar forslag som får stor påverknad på liv og utdanning for elevane, må det også vere klart kva det går ut på, og det er det ikkje i det tilfellet. Derfor stemmer sjølvsagt Arbeidarpartiet mot dette punktet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat