Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 19. mai 2026

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Tor Mikkel Wara, Rikard Spets, Morten Stordalen, Pål Morten Borgli, Marius Arion Nilsen og Kristoffer Sivertsen om tiltak for mer effektiv og økonomisk utnyttelse av strømnettet og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Aleksander Stokkebø, Kari Sofie Bjørnsen, Amalie Gunnufsen, Erlend Svardal Bøe, Haagen Poppe og Ove Trellevik om raskere utbygging og bedre utnyttelse av kraftne

Innlegget

Torbjørn Vereide (A) [13:26:46] (ordførar for saka): Eg er veldig glad for å vere her som ordførar for denne saka. Det er kutyme som saksordførar å begynne med å takke komiteen for eit godt og grundig arbeid. I denne saka er det verkeleg tilfelle. Dette er ei sak der ein har samla seg på tvers av partifargar om ulike problemstillingar, og der det er veldig breie fleirtal som går inn for å prøve å finne løysingar, i staden for at ein berre sit på kvar si tue og fremjar sitt eige bodskap. Det synest eg det står stor respekt av på tvers av heile partispekteret. Ein av dei grunnleggjande utfordringane som ligg her, er at vi treng kraft for å ha arbeidsplassar, velferd og beredskap. I dag er halvparten av all energi som vi brukar i Noreg, framleis fossil. Vi veit at berre med dagens behov kjem vi til å måtte elektrifisera meir. Litt av poenget er då at det hjelper ikkje med fleire bilar viss det ikkje er nok veg til å transportere dei fram – akkurat sånn er det no med straumnettet. Eg har lyst til å gå gjennom litt av bakteppet – og her er det som er litt interessant: Fordi leietida, altså konsesjonsbehandlingstida, på straumnettet vårt har vore så lang, har det meir eller mindre vore slik at det alltid er arbeidet til den førre regjeringa som blir gjennomført av kvar ei sitjande regjering. Det betyr at det går så treigt at ein hoppar bukk. Det vi gjennomfører no, har i stor grad vore gjort av Solberg-regjeringa, og ein god del av det som Solberg-regjeringa gjennomførte, blei tidlegare gjort av Stoltenberg-regjeringa. Med det bakteppet har det heldigvis blitt gjort mykje med avbyråkratisering, digitalisering og parallell behandling, altså måtar for å drive fram desse prosessane raskare. Frå bransjane sjølv har det blitt applaudert mykje, men det er nettopp her eit samla – rimeleg samla, iallfall – politisk fleirtal frå Stortinget er einige om at sjølv om det som er gjort, er bra, må vi kome lenger. Nettopp difor vil eg i mitt neste innlegg i større grad gjere greie for mange av forslaga vi har. Dei handlar om alt frå å få kontroll på saksbehandlingstida til bruk av digitale verktøy, fjerne byråkrati, sørgje for at prosessar som blir starta opp, raskare kjem i gang. Dette skal eg kome tilbake til, men la det vere sagt: Løyser vi ikkje desse problemstillingane, blir det verken velferd, tryggleik eller utvikling i landet vårt. Det er eg glad for at eit samla – rimeleg samla – politisk fleirtal i komiteen no tek på alvor.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat