Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. mai 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Tor Mikkel Wara, Rikard Spets, Morten Stordalen, Pål Morten Borgli, Marius Arion Nilsen og Kristoffer Sivertsen om tiltak for mer effektiv og økonomisk utnyttelse av strømnettet og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Aleksander Stokkebø, Kari Sofie Bjørnsen, Amalie Gunnufsen, Erlend Svardal Bøe, Haagen Poppe og Ove Trellevik om raskere utbygging og bedre utnyttelse av kraftne
Innlegget
Som saksordførar må eg berre seie at eg synest dette er litt spesielt. Dette er ei sak der ein på tvers av partifargar har jobba konstruktivt saman, funne saman både til problembeskrivinga og løysinga. Det tenkjer eg er utruleg bra, det å framsnakke det litt særnorske med at ein kan jobbe konstruktivt saman i staden for at alt må koke ned til polemikk som minner litt om amerikanske tilstandar. Eg meiner at det som er blitt sagt i talar rundt omkring på grunnlovsdagen vår, på 17. mai, er noko vi òg må hugse to dagar seinare. Då synest kanskje denne representanten det blir litt spesielt at når det blir snekra saman ei god scene her og bydd opp til pardans, så er den einaste dansen som blir framført av dei første to representantane frå Høgre og FrP, helikopterdansen, der ein liksom skal framheve seg sjølv mest mogleg. Eg synest det er litt spesielt. No når eg har fått utløp for det, ønskjer eg å bringe sporet tilbake til det som er realitetane i saka, nemleg at det nettopp er blitt gjort noko saman her – ikkje på trass av eller som eit motstykke til statsråden, men òg i delte ambisjonar med sikkert både statsråd Aasland og andre, på tvers av partifargar, som ønskjer at vi får bygd nett raskare, for vi veit at viss det ikkje skjer, slit vi i tida framover. Nettopp difor, i motsetning til helikopteropplegget til Høgre og FrP, ønskjer eg heller å seie at ja, det er utruleg bra at vi no samlar oss med eit breitt fleirtal om å få endå meir effektivisering på digitale system, få den statistikken, setje ned behandlingstida, få kortare leietider, sjå på korleis vi kan få ned byråkratiet, og sjå på korleis vi kan endre kødynamikken – masse av det konkrete som blir lagt der. Kom igjen – kan ein ikkje samle seg om det før ein går til lettvinte flosklar og svart-kvitt-bilde som minner oss om andre land? Her er det ei sak som har blitt applaudert på tvers av partifargane og i mange av kraftmiljøa vi har. La oss leve opp til det, og la oss fortsetje det gode arbeidet i staden for å stå aleine i helikopterdansen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat