Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Litt av grunnlaget for spørsmålet er at i veldig mange debattar har samferdselsministeren vore veldig tydeleg på at ein vil tilbake til fortida og snakke om at FrP på vakt i regjeringa har gjort sånn og sånn med bompengar. Statsråden har no lest opp ganske mykje dokumentasjon på at vi kutta betydeleg i bompengar. I Møre og Romsdal kutta vi altså over 1 mrd. kr, og 376 mill. kr på ein fylkesveg. Då er spørsmålet tilbake om å forhalde seg til notid og kva dagens regjering og dagens samferdselsminister har gjort med bompengar. Kan statsråden svare på kor mange kroner dagens regjering har kutta i bompengar i prosjekt som allereie var oppretta? Då snakkar eg ikkje om dei prosjekta som ein er vorte instruert til å kutte, men dei som har kome etter initiativ frå Arbeidarparti-regjeringa.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
