Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil vise til Grunnlova § 82, om at statsråden her i salen er nøydd til å forhalde seg til realitetane. Eg stilte spørsmål om kva konkret Arbeidarpartiet på vakta si, sidan 2021 og fram til i dag, har kutta i bompengar etter engasjement frå Arbeidarpartiet. Eg forlanger at statsråden svarar. Det gjorde han ikkje, og det håper eg at presidenten påtaler. Når det er sagt, kan eg stille et meir konkret spørsmål. Førre regjering kutta 376 mill. kr på eit fylkesvegprosjekt i Møre og Romsdal. Vil samferdselsministeren bidra i eit spleiselag for å kutte bompengar på Nordøyvegen med bortimot tilsvarande? Desse 160 millionane som allereie er gjeve, er greitt, men det vil då vere 160 eller 180 millionar til. Vil statsråden kunne ta initiativ til å vere med på eit spleiselag for å få kutta bompengar på Noregs dyraste bompengeprosjekt, Nordøyvegen?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
