Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 20. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 20. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Speleavhengigheit er eit alvorleg problem som kan vere svært belastande for dei som blir ramma, og ikkje minst for familiane deira rundt. Situasjonen kan bli ekstra alvorleg når speleavhengigheit fører til veldig stor gjeld, noko som dessverre ikkje er uvanleg. Alvorlege speleproblem kan forsterke psykiske belastingar og er ein veldig kjend risikofaktor for alvorleg psykisk uhelse og i ytste konsekvens – som representanten òg er inne på – sjølvmord. Dette understrekar betydinga av det representanten tek opp i spørsmålet til meg, både det førebyggjande arbeidet og hjelp til dei som allereie har problem. Samanhengen mellom speleavhengigheit, gjeld og psykisk helse vedkjem fleire fagområde enn mitt eige og blir òg følgd opp gjennom helse- og sosialpolitiske verkemiddel. Det går bl.a. no føre seg eit tverrdepartementalt arbeid der speleavhengigheit og økonomiske belastingar inngår som ein del av det sjølvmordsførebyggjande arbeidet. Denne innsatsen vil vere relevant i arbeidet med ny handlingsplan mot sjølvmord, i tillegg til handlingsplanen mot speleproblem, som regjeringa la fram i mars. Tiltaka her er bl.a. styrkt kompetanse i helse- og velferdstenestene om speleavhengigheit og sjølvmordsrisiko, betre oppfølging av pårørande, auka innsats i kriminalomsorga og meir kunnskap om samanhengen mellom speleproblem, gjeld og psykisk helse. Innanfor mitt ansvarsområde har me òg nokre viktige verkemiddel for førebygging og hjelp med gjeldsproblem. For det fyrste vil eg nemne ordninga med gjeldsregistera, som er eit sentralt førebyggjande tiltak mot at enkeltpersonar tek opp for mykje kreditt. Ordninga bidreg til å hindre at speleavhengige set seg i gjeld, særleg gjennom å avgrense tilgangen på forbrukskreditt, som ofte er den type gjeld denne gruppa tek opp. Eg vurderer òg no om ordninga skal utvidast til å gjelde fleire typar gjeld, for å gjere ordninga meir treffsikker. Det andre tiltaket er moglegheita for gjeldsordning etter gjeldsordningsloven. Denne har gjennom mange år hjelpt svært mange, òg speleavhengige, til å kome ut av fastlåste gjeldssituasjonar. Frå i fjor blei den ordninga gjort enklare og meir tilgjengeleg, og den gjev raskare hjelp og kortare nedbetalingstid for personar med helseutfordringar eller sosiale problem, som speleavhengigheit. Større moglegheiter for ny gjeldsordning er særleg viktig for mange med speleproblem. Heilt til slutt vil eg nemne at omtrent 75 000 personar har nytta seg av moglegheita til å sperre seg for kreditt, som kredittopplysningsloven opnar for. Dette er òg eit viktig førebyggjande tiltak mot impulsive låneopptak i forbindelse med pengespel.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat