Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er einig i at gjeldsregistera er viktige. Det er ein grunn til at me no jobbar med å vurdere og sjå på om me kan utvide det, men der har me òg – som svart til Stortinget tidlegare – behov for litt tid, for me ser at det er nokre personvernutfordringar knytt til det. Eg er heilt overtydd om at når ein no arbeider med ny handlingsplan, bl.a. for å førebyggje sjølvmord, er det viktig at fleire departement inngår i det arbeidet. Det gjer me. Både eg, helseministeren og fleire statsrådar samarbeider no på tvers for å lage ein god og treffsikker handlingsplan. I tillegg meiner eg det er viktig som barne- og familieminister å vere veldig bevisst på korleis ein kan få speleproblem, for me veit at ein del får det når dei er veldig unge. Difor er eg veldig glad for at kulturministeren har sett i gong ei utgreiing for å sjå på forbod mot lootboksar i dataspel, f.eks. Både Actis og Hyperion har teke opp med meg at dei er veldig bekymra for at det kan føre til bl.a. speleavhengigheit i vaksenlivet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
