Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Handlingsplanens punkt éin er jo informasjon og rettleiing til helsepersonell og andre faggrupper. Eg meiner den handlingsplanen – som er veldig ny – har veldig klare og gode tiltak knytt til akkurat det temaet representanten etterspør. Det at faggrupper som tilsette ved skular, skulehelseteneste, fritidsklubbar, idrettslag, bedriftshelsetenesta osv., har god både kunnskap og kompetanse om speleavhengigheit, og korleis ein òg må samarbeide for å førebyggje det, meiner eg er ein veldig viktig del av planen. Den er òg heilt i starten av denne handlingsplanen. Eg trur at me har eit sett av gode verkemiddel no til både å førebyggje og hjelpe folk i alvorlege gjeldsproblem, men eg trur ikkje me er ferdige. Difor meiner eg det er eit veldig godt spørsmål representanten reiser, og eg meiner det er ein viktig debatt å ha i samfunnet, for som brukarar i ei digital verd er me òg stadig meir utsette for stadig nye metodar å få oss til å bruke pengar på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
