Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 20. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 20. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Å prioritere tidleg innsats er å investere i framtida, både for kvart enkelt barn og ikkje minst for oss som samfunn som heilskap. Skal me lykkast med tidleg innsats, må me saman prioritere førebyggjande arbeid, og me må prioritere å gjere det som verkar. Me veit at det tek tid å byggje strukturar som fungerer. Med barnevernsreforma blei det i 2022 innført krav om at kommunane skal fremje gode oppvekstvilkår gjennom tiltak som førebyggjer omsorgssvikt eller åtferdsproblem. Ein del av kravet som kom den gongen var at kommunane skulle samle det førebyggjande arbeidet og lage ein plan. Tidleg i fjor meldte berre halvparten av kommunane at dei hadde ein slik plan på plass. Rett før jol svara heldigvis 80 pst. av oppvekstleiarane at dei har ein førebyggjande plan i kommunen. Det viser at kommunane no jobbar godt med dette. Det er òg behov for betre familierettleiingstiltak i barnevernet. Vedtak om råd og rettleiing er det hjelpetiltaket som barnevernstenesta brukar mest, men innhaldet og kvaliteten i dette har variert. Sidan 2020 har tre kompetansesenter, inkludert Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge, og utvalde kommunar, samarbeidd om å utvikle ein grunnmodell for hjelpetiltak. Den blei ferdig i fjor og inkluderer ein eigen kunnskapsbasert familierettleiingsmodell for familiar og barn i alderen 4– 12 år. Frå neste år skal fleire kommunar kunne ta modellen i bruk. Så har me Parent Management Training Oregon, eller PMTO, som er eit behandlingstilbod for familiar med barn i alderen 4–12 år som slit med samspel i familien. Dette er tiltak med dokumentert effekt. Sidan 2023 har Bufetat tilbydt støtte til kommunar som ynskjer å ta dette tiltaket i bruk. Antal kommunar som har PMTO tilgjengeleg i eigne tenester no, har auka frå 154 kommunar i 2023 til 199 kommunar i fjor. Nyleg samla me òg ulike tilskotsordningar inn i det nye kommunale førebyggingsprogrammet for barn og unge. Som representanten kjenner godt til, er målet her å leggje til rette for gode oppvekstvilkår og å førebyggje at barn og unge fell utanfor. I år er tildelingsramma på rundt 520 mill. kr, og dette gjev kommunen moglegheita til å prioritere dei tiltaka dei har behov for lokalt. Tidleg innsats er heilt avgjerande for at me alle saman skal få moglegheita til å leve eit godt liv. Difor ynskjer eg denne debatten velkomen og håpar at det bidreg til at fleire kommunar set førebygging høgt på deira dagsorden.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat