Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 20. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 20. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Eg har forståing for at fleire kommunar brukar tid på å få på plass sine førebyggingsplanar. Det var ikkje gode tal i fjor, men nærare jol hadde me jo 80 pst. svar om at dei no har på plass gode førebyggingsplanar i kommunane. Eg har òg vore bekymra for det same som representanten. Difor er eg veldig glad for at me nå er klare med grunnmodellen for hjelpetiltak som er utarbeidde i samarbeid med Nubu. Frå neste år kan då kommunar søkje på tilskot til å kunne bruke dette veldokumenterte tiltaket. Nubu er inne i over 200 norske kommunar i dag. Me veit at det er mogleg å snu utviklinga. Det har Nubu òg veldig god erfaring med. Me ser jo – i kommunar som representanten kjenner godt, f.eks. Lillestrøm – gode resultat av nettopp å jobbe på denne måten og bruke viktig og ny forsking og kunnskap.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat