Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 20. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 20. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Det er ingen tvil om at me må stille meir opp for mindre barnevernstenester enn for store. Det at veldig mange av dei minste kommunane i Noreg har eit interkommunalt samarbeid om deira barnevernstenester, er veldig viktig for å kunne bidra til at det er eit sterkt fagmiljø i det kommunale barnevernet. Det er òg ulike typar tilskot for å kunne støtte opp under utviklingsprosjekt der fleire kommunar går saman om kompetanse- og tiltaksutvikling i barnevernet, bl.a. via statsforvaltar. Når det gjeld kommunar med særskilde utfordringar, kan dei òg bli følgde opp av eit eige rettleiingsteam gjennom dialogmøte med statsforvaltar for å drøfte situasjonen i barnevernet med kommuneleiinga. Desse tiltaka ser me har hatt positiv effekt. Eg har òg bedt Bufdir sørgje for betre informasjon til kommunane om relevante kompetansemiljø som barnevernstenesta kan kontakte for å få rettleiing i arbeid med saker som krev spesiell kunnskap.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat