Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))
Innlegget
Det seier eigentleg ganske mykje at Arbeiderpartiet står heilt åleine i denne saka. Det burde kanskje få nokre varsellampar til å begynna å blinka. For dette handlar ikkje om luksus. Det handlar om arbeidsplassar, om industri og om folk faktisk kjem seg på jobb utanfor Oslo. Igjen verkar Arbeiderpartiet å gløyma kvar pengane faktisk kjem frå. Noreg lever ikkje av PowerPoint-ar og møtebord i Oslo. Me lever av folk som byggjer, produserer og skaper verdiar ute langs kysten – av folk som dei som bur på Stord, som jobbar på verfta, i industrien, offshore, og av folk som står opp tidleg, jobbar skift og held hjula i gang kvar einaste dag. Sjølv om eg flytta frå Stord for mange år sidan, har eg framleis familie der, og turane heim til Stord går ofte via Stord Lufthamn, Sørstokken med fly. Det er faktisk noko heilt eige med Stord lufthamn. Der er det ikkje kilometerlange terminalar og robotstemmer. Der er det ekte folk, framifrå service og eit bagasjeband som er så lite at ein knapt rekk å bli irritert før kofferten kjem. Flyplassen blei ikkje bygd for luksus. Den blei bygd fordi industrien trengte han. Eg har sjølv jobba både på verftet og i oljeindustrien. Stord byrja med skipsbygging, men då olje- og offshoreeventyret tok fart, trengte industrien ein flyplass for å få folk, kompetanse og prosjekt raskt inn og ut av regionen. Etter sterkt press frå verftet, næringslivet og kommunane kom flyplassen på plass i 1985. På Stord har folk vore med og bygd Statfjord, Gullfaks, Oseberg, Troll, Snorre, Johan Sverdrup og Johan Castberg, for å nemna nokre prosjekt. Dette er nokre av dei største industriprosjekta i norsk historie, og prosjekt som har skapt enorme verdiar for dette landet i mange tiår. Mens enkelte i Oslo diskuterer verdiskaping i møterom, står folk på Stord ute i regnet og byggjer prosjekta som finansierer store delar av velferda i dette landet. Difor blir det ganske spesielt når Arbeiderpartiet no står åleine igjen og vil ha dyrare billettar, færre sete og eit svakare flytilbod. For folk flest langs kysten handlar dette om å halda hjula i gang, om arbeidsplassar, om familiar og om verdiskapinga staten lever av. Det er ganske krevjande å leva av verdiskaping dersom ein gjer det stadig vanskelegare for dei som faktisk skaper verdiane.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat