Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))

Innlegget

Noko av det flottaste med landet vårt er at vi har verdiskaping, aktivitet og busetjing i alle delar av landet vårt. Slik ønskjer Senterpartiet at det skal vere i framtida òg, men då er det ein føresetnad at vi ser på landet vårt som ein fellesskap, at vi ser at alle delar av landet har behov for gode løysingar, også transportløysingar. Folk i nord har forståing for at storbyane treng eit effektivt kollektivsystem, og folk på Vestlandet nikkar til at jernbane er ein viktig del av transportsystemet i StorOslo, men det må gå begge vegar. Storting og regjering – og eg må få seie særleg ei regjering som har så mange av medlemmane sine buande i og rundt denne byen – må vise vilje til å sikre eit godt tilbod til folk og næringsliv også utanfor hovudstaden. Ein må sjå verdien av sjøtransporten, som er sentral for heile den kystlinja som er den nest lengste i verda, og ein må forstå at flytilbodet i nord og vest ikkje er ein form for luksus, det er ein nødvendig del av vårt kollektivtilbod. Det er vanleg å bruke fly til sjukehus, til studiestadane og til kulturopplevingar her i denne byen, som ein i enkelte tilfelle òg er med på å finansiere over skattesetelen sin. Ikkje minst er det ein grunnleggjande føresetnad for lokalt næringsliv for å sikre folk og varer inn og ut av dei områda der bedriftene er lokaliserte. Dei som driv den verdiskapinga, legg til rette for inntektene til fellesskapen. Dette var noko av grunnen til at Senterpartiet prioriterte dei lokale flyrutene då vi sat i regjering, både å sikre tilbodet og å redusere prisane til eit fornuftig nivå. Slik ønskjer vi det skal vere også i framtida. Når det gjeld dei kutta som er føreslåtte, er kapasiteten på Nord-Vestlandet inn mot Bergen nær halvert frå enkelte lufthamner, og det er ei sterk svekking frå både Florø, Førde og Sogndal inn mot Oslo. Vi har fått tvil om nattparkert fly på Røros, som vi veit er ekstremt viktig der. Vi ser Stord, som er nemnt tidlegare i debatten. Arbeidarparti-regjeringa sitt forslag om både dårlegare og dyrare flytilbod viser dessverre at regjeringa ikkje evnar å sjå heile landet. Det er difor vi er her i dag. Samtlege andre parti har reagert på den nedbygginga som her er føreslått. Då trur eg det er klokt for ei regjering som har så få mandat i Stortinget, å lytte til Stortinget og lytte til dei lokale som er avhengige av dette tilbodet rundt om i landet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat