Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 21. mai 2026

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))
Innlegget
Eg skal følgje opp det fleire har vore inne på, nemleg den litt ulike retorikken regjeringa brukar når det gjeld samferdselstilbodet i ulike landsdelar. I forslaget frå regjeringa til revidert nasjonalbudsjett ber samferdselsministeren om utvida tilsegnsfullmakt for å kunne oppretthalde jernbanetilbodet på Austlandet. Det går eg ut ifrå då handlar om frekvens og pris for dei reisande på Austlandet, forståeleg nok. Men på same tid, når det er snakk om flytilbodet, som er viktig både for Vestlandet og i nord, er svaret på auka kostnader å flytte meir kostnader over på kundane, altså auke billettprisane, og i tillegg redusere rutetilbodet. Kva er den prinsipielle forskjellen som gjer at statsråden har éi vinkling når det gjeld jernbanetilbodet på Austlandet, og ei heilt anna vinkling når det gjeld flytilbodet, som er like viktig for enkelte av landsdelane våre?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat