Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))

Innlegget

Eg vil nok ikkje klare å liggje på same lyriske nivå som representanten før meg. Det var imponerande. Det har vore ein interessant debatt. Først til dette med tomme sete: Det er skapt eit inntrykk her av representantane frå Arbeidarpartiet om at vi har hatt aukande grad av tomme sete på dei flyrutene vi diskuterer her i dag. Det er ikkje riktig. Tala tyder ikkje på det. For nokre flyplassar har det vore ein stor auke i bruken av seta dei siste åra. Det har vi sett heilt tydeleg, og folk kjenner seg ikkje igjen i det. Ein kan framstille det som at her er det opposisjonen som ikkje har forstått, men dette er den same bodskapen som kjem frå Arbeidarpartiet i dei same områda. Arbeidarparti-ordførarar, -kommunestyremedlemer og -medlemer er på barrikadane for å kjempe for flytilbodet sitt. Det må vere fortvilande for dei å høyre sine eigne representantar gå på denne talarstolen. Dei ikkje berre stemmer ned forslaget, men gong på gong gjentar dei det som er ein feil premiss for debatten, nemleg at det er en aukande del tomme sete. Eg reagerer òg på måten nokre av representantane frå nord prøver å trekkje opp ein diskusjon om at dette vil ramme flytilbodet i nord. Tvert om: Det er all grunn til å tru at viss regjeringa no begynte å byggje ned flytilbodet i sør og auke prisane i sør, ville dei prinsippa følgt med inn i anbodsprosessen i nord. I staden høyrest det ut som at det skal ramme Nord-Noreg at ein opprettheld – opprettheld – eit tilbod i sør. Det rimar på ingen måte. Vi blir framstilte som uansvarlege. Vel, ved førre anbod stod Arbeidarpartiet og Senterpartiet i lag om å styrkje tilbodet. Ein la ut eit tilbod som skulle gje større frekvens og større kapasitet, og attpåtil lågare pris. Det er klart ein ikkje kjem til Stortinget med ein pengesekk same dag som ein legg ut anbodet. Det er jo i budsjetta ein følgjer opp dette. Eg trur det er klokt av Arbeidarpartiet å lytte til det som blir sagt av fleire vestlandsrepresentantar. Ein føler det er ein ulik retorikk og ei forskjellig tilnærming. Når ein snakkar om f.eks. eit jernbanetilbod rundt byen her og det gjeld frekvens og pris, har dei på Vestlandet forståing for det. Då må det òg vere forståing frå regjeringa andre vegen. Den glade bodskap, sa Blikra i sitt innlegg. Ja, det er ein viktig bodskap at alle er opptekne av FOT-tilbodet, men den glade bodskapen her er at vi opprettheld tilbodet og prisen. Koplinga til pinsen var kanskje litt meir søkt. Det er meir tilfeldig at forslaget kom dagen før Kristi himmelfartsdag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat