Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))

Innlegget

Denne debatten er rimeleg greinlaus og heilt ute av kontekst. Kva Arbeiderpartiet prøver å koke på, veit eg ikkje, men det ser nesten ut som Arbeidarpartiet prøver å koke suppe på forbeina til ein mygg. Dette er så lite, og det er så ute av kontekst at eg ikkje skjønar det. Samferdselsministeren snakkar om at dette kan koste ein halv milliard. Ja, det er eit anbod i 2027, for perioden 2028–2032, på fire år – heile 125 mill. kr kan dette kome til å koste. Ein burde setje seg ned med kalkulatoren og rekne ut kva normal lønns- og prisvekst vil vere fram til 2028, og sjå korleis det vil utvikle seg i pris. Då er vi ikkje langt frå dei 125 mill. kr dette vil koste per år. Det er eigentleg ein debatt heilt ute av kontekst. Når ein snakkar om prosjekt på Vestlandet og langs kysten, går Arbeidarpartiet til totalangrep og seier det er ulønsame prosjekt, og at vi må kutte ned fordi ein kan risikere at det er tomme flysete. Kva med togsete, då? Det er tomme togsete overalt. Eg høyrer innlegg frå Arbeidarparti-representantar i Østfold, som snakkar om ansvarleg økonomisk politikk, om ikkje å sløse med pengar og finansiering. Kva er det som skjer inn mot Moss, inn mot Østfold, mot samferdselsministerens eigen heimteig? Jo, dei har bygd ein jernbane som skulle koste nokre få milliardar – 5,4 mrd. kr var ramma, no er det oppe i 30 mrd. kr. Eg høyrer ikkje eit pip om det sløseriet, dei tomme seta og den kostnadsauken som er på jernbanen, i motsetnad til når det skjer noko på Vestlandet, om det er Stad skipstunnel, sjukehuspolitikken eller det no er flytilbodet til det området i Noreg som skapar verdiane. Eg kjem frå Møre og Romsdal. Det er det største eksportfylket per innbyggjar. Kva skal vi seie, då? Vi har eit sjukehustilbod som er heilt håplaust. Vi har fått nokre få prosent innanfor NTP. Vi skal ikkje ha Stad skipstunnel, som bind saman næringslivet vårt sørover, som gjer at fiskerinæring og oppdrett kan utvikle seg. No skal dei ta frå oss flytilbodet i tillegg. Eg vil sjå dei personane i vårt område på Vestlandet som ved neste val går og stemmer Arbeiderpartiet. Eg forstår ikkje det angrepet mot oss som bur i den delen av landet som verkeleg skapar verdiane. Arbeidarparti-representantar frå Østfold snakkar om økonomi – det er nesten ikkje råd å forstå at det går an. Denne saka er heilt ute av kontekst. Det er berre dropar det er snakk om. Kva Arbeiderpartiet driv med no mot distrikta, forstår ingen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat