Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))
Innlegget
Ein representant frå Arbeidarpartiet snakka om at det var tidenes samferdslesatsing. Det forstår iallfall ikkje eg eit kvidder av. 25 pst. lågare var rammene til Arbeidarpartiet og Senterpartiet sin NTP som vart framlagt sist, kontra den som vart framlagt i 2021. Så det er ei kraftig nedeskalering av satsing på samferdsel. Vestlandet er ikkje berre nokre delar av Hordaland. Vestlandet er faktisk så mykje, mykje meir. Vi har ikkje sett at det har vore noka samferdselssatsing i resten av Vestlandet, iallfall som eg kan erindre, ikkje på mitt område, det finst jo ikkje. Når ein høyrer på Arbeidarpartiet – ja, også på finansministeren – har eg ein følelse av at vi nesten vert latterleggjorde på Vestlandet. Det vert store oppslag om sløsing, ulønsemd osv. Tenk om vi hadde laga ein mur rett igjennom Langfjella og skilt landet. Eg veit iallfall kven som då hadde forsøkt å krype over denne muren, og i kva retning dei hadde gått. Det hadde iallfall ikkje vore frå oss på Vestlandet. Ein må aldri gløyme kvar store delar av verdiskapinga skjer i dette landet. Men vi føler oss eigentleg tråkka på. Vi føler at kvar gong det kjem eit prosjekt i våre område på Vestlandet, skal det ratast ned, då skal det ikkje utviklast. Vi er avhengige av den kommunikasjonen vi har, for at våre næringsaktørar og vårt samfunn skal fungere. Det er ikkje snakk om å kutte ned på korkje flyruter eller andre tilbod. Så kunne ein vere freista til å spørje om Arbeidarpartiet ønskjer at vi skal kutte ned på kollektivtilbodet rundt omkring i landet også, der det er tomme sete? I mitt fylke er det vel 0,48 passasjerar per buss, men vi er altså nøydde til å ha desse bussane, for somme tider er dei fulle, og andre tider er dei stort sett tomme. Men ønskjer Arbeidarpartiet å fjerne alle sånne tilbod berre på grunn av at det er i distrikta? Det verker nesten sånn. Finansiering skal vi ta når dei anboda kjem inn. Finansiering går jo over mange, mange år. Og kommunestyrerepresentantar snakkar om at «viss det hadde vore sånn». Eg har sete i kommunestyre i over 30 år, og eg trur eg har bra kontroll på det også. Her i huset er det årlege statsbudsjett som finansierer det, og det skal vi finansiere den dagen anboda kjem inn, og vi skal finansiere det over dei årlege statsbudsjetta. Så eg trur ein skal vere roleg når desse kommunestyrerepresentantane prøver å belære oss om korleis finansieringssystemet fungerer i Stortinget. Difor synest eg også det er ganske rart at samferdsleministaren krisemaksimerer dette så voldsomt som han har forsøkt å få til no.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat