Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))

Innlegget

Eg berre følte for å seie noko om pris. Eg håpar inderleg at samferdselsministeren og regjeringa har fått med seg at prisane ikkje skal til himmels. Det er klokkeklart kva ein meiner om prisar. Eg bryr meg eigentleg null om kva enkelte partileiarar måtte ha av meiningar om at alt dette skal finansierast av pris. Det er faktisk sånn at Arbeidarpartiet og Høgre ikkje har fleirtal i denne salen. Det er faktisk eit anna fleirtal. Dei andre partia har vore klokkeklare på at her skal ikkje prisen til himmels. Det trur eg samferdselsministeren bør ta innover seg og forstå. Det bør ikkje vere vanskeleg å forstå det heller. Det bør vere ganske lett å etterleve vidare å ha dette på eit fornuftig prisnivå, og tilbodet skal altså oppretthaldast.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat