Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad og Trygve Slagsvold Vedum om beredskapslagring av diesel og flybensin (Innst. 295 S (2025–2026), jf. Dokument 8:178 S (2025–2026))
Innlegget
Det er bra at me i dag får fleirtal for forslaget vårt – forslaget som Senterpartiet la fram. Eg vil seia at me har fått fullt gjennomslag i denne saka. Det er eit viktig steg for å styrkja den nasjonale beredskapen vår. I krise eller krig vil det vera viktig å ha betre beredskapslagring enn det me har i dag. Det meiner Senterpartiet no, og det har Senterpartiet meint lenge. Eg er glad for at det er eit stort fleirtal bak forslaga, men det er jo litt urovekkjande at den sikkerheitspolitiske situasjonen i dag er så alvorleg at sjølv Høgre, FrP og KrF er opptekne av å styrkja beredskapen. Når ein høyrer innlegga frå Stokkebø og Sivertsen, er det verdt å ta eit lite tilbakeblikk på den totale mangelen som Høgre, FrP og KrF har hatt når det gjeld vilje til å satsa på beredskap. Me tar fyrst Senterpartiets ønske om å gå gjennom den totale beredskapen i Noreg: Me ønskte å ha ein totalberedskapskommisjon. Det sa Solberg-regjeringa hardt nei til fleire gonger. Det var ikkje behov for det, for me hadde jo noko som dei kalla for frihandel. Det skulle løysa alle problema. Senterpartiet føreslo òg, under Solberg-regjeringa, ei rekke gonger beredskapslagring av korn. Det meinte me var viktig, og me fekk til og med fleirtal i Stortinget for det. Men Høgre og FrP tvang KrF til å snu, sånn at det ikkje vart etablert. Det dei tre partia heller ønskte å gjera, var å løyva 100 mill. kr til korndyrking i Afrika. Det var løysinga deira på beredskapen. Og vidare: Me hugsar jo alle kor totalt uførebudd ein var i møte med pandemien. Difor er det bra at me likevel får fleirtal for forslaga no, og det er bra at det har vorte mykje breiare støtte til dette. Men eg synest at nokre parti skal gå litt stillare i dørene. Eg er veldig glad for at regjeringspartiet òg er med på dette forslaget, og at ein har fått utarbeidd den rapporten som legg grunnlaget for at me kan gjera dette – at me slepp å starta på null, men at me har eit utgangspunkt for den jobben som skal gjerast. Me forventar at regjeringa følgjer dette opp. Eg håpar enno at Arbeidarpartiet står i ein tradisjon der beredskap er viktig, og der me erkjenner at han har vore for dårleg, og at me må vera villige til å bruka ressursar på det framover.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat