Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 21. mai 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad og Trygve Slagsvold Vedum om beredskapslagring av diesel og flybensin (Innst. 295 S (2025–2026), jf. Dokument 8:178 S (2025–2026))

Innlegget

Det er bra at me får fleirtal for forslaget i dag, og eg opplever at det på ein måte byggjer ein vidare byggjestein i arbeidet med totalberedskapskommisjonen og det fundamentet som ligg der og i totalberedskapsmeldinga. Men det er jo ikkje bra nok å lagra drivstoff. I ein krise og ein akuttsituasjon vil det òg vera viktig å ha distribusjon og tilgang på drivstoff. Tradisjonelt i Noreg har bensinstasjonar vore viktige for å distribuera og gje folk og næringslivet tilgang på drivstoff. Sidan 2020 har 430 bensinstasjonar forsvunne i Noreg. Svært mange distrikt står med dårleg dekning av energistasjonar eller bensinstasjonar. Vil dette vera eit tema som regjeringa vurderer i oppfylginga av desse forslaga?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat