Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakInnstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum, Bjørn Arild Gram og Bent-Joacim Bentzen om Svalbard (Innst. 251 S (2025–2026), jf. Dokument 8:130 S (2025–2026))
Innlegget
La meg starta med å seia at vårt forslag ikkje er ei motsetning til svalbardmeldinga. Med eitt unntak er det ein full backing av den meldinga som ligg føre. Men verda har endra seg ganske mykje i løpet av dei to åra som har gått sidan svalbardmeldinga. Det som var utløysande for at Senterpartiet fremja dette forslaget, var eit utspel frå eit politisk parti om å plassera militære styrkar på Svalbard. Det synest me er ein særdeles dårleg idé – for på Svalbard, som i resten av Noreg, er den beste beredskapen eit sterkt og velfungerande lokalsamfunn. Det er det me ønskjer å byggja opp under. Me opplever nok at svalbardmeldinga er ei melding som seier noko om korleis Svalbard ser ut frå Oslo. Me ønskte å leggja fram eit representantforslag og få ein plan som tek utgangspunkt i korleis Svalbard ser ut frå Svalbard, for det må jo vera det vesentlege når ein utviklar politikk. Me var på Svalbard og hadde innspelsmøte med vanlege folk. Det vart nokre timar på Fruene kafé og Karlsberger Pub. Viss ein er på Svalbard, bør ein ta seg tid til å snakka med folk, ikkje berre følgja det offisielle programmet eller dra på scootertur. Det er altså nokre utfordringar me må ta fatt i. Norskandelen er på veg ned, og butida går ned. Eg skal ikkje svartmåla, men eg meiner at me må ønskja å visa det fram, og at det skal vera eit levande lokalsamfunn og eit sterkt lokalsamfunn. Då er det uheldig når det er tomme butikkhyller. Det er uheldig når ein ikkje kan drikka vatnet i springen, men må henta det på butikken. Det er uheldig når bustadmassen er i så dårleg stand og prisane så høge. Senterpartiet meiner levekostnadene på Svalbard er ei utfordring for å få til auka norskandel og lengre butid. Svalbard er òg prega av at det sett i ettertid er teke ein del dårlege avgjerder. For eksempel var avgjerda om å stengja ned gruva i Lunckefjell sannsynlegvis ikkje ei god avgjerd. Det same gjeld litt for raskt å leggja ned kraftverket utan å ha ei erstatning. Vårt ønske er at me kan få ein plan som fangar opp dette. Eg er likevel glad for det positive som er sagt her i dag. Når Senterpartiet ønskjer å auka innbyggartalet med 500, er det for å gje rom for privat næringsliv og dei som skal bidra til det løftet i infrastrukturen som me meiner er heilt nødvendig. Me støttar forslaga nr. 6 og 8, og eg tek opp Senterpartiets forslag nr. 7.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat