Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 21. mai 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakInnstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum, Bjørn Arild Gram og Bent-Joacim Bentzen om Svalbard (Innst. 251 S (2025–2026), jf. Dokument 8:130 S (2025–2026))

Innlegget

Som eg var inne på i innlegget mitt, var me ein tur på Svalbard, eigentleg utan noko program, berre for å møta folk flest. Eg tenkjer det kan vere greitt å formidla vidare nokre av dei tinga som vart tekne opp, ting som folk var opptekne av. Det var bl.a. representantar for private selskap som var litt oppgjevne over at denne lova om offentlege anskaffingar ikkje gjeld på Svalbard. Tanken bak det er jo at ein skal kunna gjera direkte anskaffingar frå lokalt næringsliv, men ein opplevde at statlege aktørar brukte dette til å gjera direkte anskaffingar frå leverandørar på fastlandet – stikk i strid med det som var føremålet. Er det eit tema som er aktuelt å sjå på, korleis ein kan sikra at intensjonen bak det fritaket faktisk vert vareteken og kjem lokalt næringsliv til gode?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Pollestad (Senterpartiet) — Replikk · 21. mai 2026 — OverStortinget