Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Fremskrittspartiet·Hordaland

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))

Innlegget

Eg registrerer at enkelte talarar frå Arbeidarpartiet seier at dei ikkje blir klokare. Eg har i alle fall vorte veldig mykje klokare i løpet av denne debatten: Det er Stortinget som tek ansvar for å sikra Distrikts-Noreg god samferdsel, og Arbeidarpartiet vel å stilla seg på utsida av det, noko som dei får svara for sjølve. Forslaget er ganske enkelt. Det handlar om å sjå det frå perspektivet til innbyggjarar og næringsliv. Og viss ein har ei utfordring med at ting blir dyrare, er det ikkje automatisk sånn at det er staten som skal vera den som sparar på dette, og at kostnaden skal bli velta over på næringsliv og folk. Då skal ein faktisk sørgja for at tilbodet blir vidareført på omtrent same nivå, med tanke på setekapasitet og kapasitet og utan ein urimeleg prisauke. Eg synest at det som er formulert, er rimeleg enkelt, og at det burde vore lett å forstå. Det er heller ikkje ekstremt. Det som Framstegspartiet er med på, er faktisk sunn fornuft. Det som derimot er ekstremt, er Arbeidarpartiet si haldning i denne saka. Eg synest oppriktig synd på mange av kollegaene mine frå Vestlandet som representerer Arbeidarpartiet, og som skal forsvara dette i møte med veljarar og næringsliv. I dag hadde me møte med KS Vestland, og representantar for dei seier at dette verkeleg tok fyr i teltet på Vestlandet. Det er ikkje vanskeleg å tolka det som at det ikkje lett å vera arbeidarpartimann på Vestlandet. Torbjørn Vereide, som sit på Sogn og Fjordane-benken var vel ute i Firda og beskreiv det som at opplevinga var som ein togkrasj i sakte film. Eg ville ikkje ha brukt akkurat dei orda om prosessen, men når Arbeidarpartiet sjølv lokalt vel å bruka sånne ord, fortel det litt om kor tøft det er å stå og forsvara politikken til regjeringa lokalt på Vestlandet. Dette er eigentleg noko me føler i sak etter sak: Er det noko på Vestlandet, må ein vera ansvarleg, og då må ein spara. Me merka det med Hordfast, som måtte kuttast ut. Me merka det med Stad skipstunnel, som ein stadig måtte ta omkampar på, og som ein skal fasa ut, fordi det er uansvarleg pengebruk på Vestlandet. Me merkar det på skeivdeling innanfor kulturfeltet. Seinast no når Den Nationale Scene skal byggjast ut, får dei beskjed frå staten om at det ikkje må vera ei krone i overskriding. Sånne beskjedar blir ikkje gjevne på Austlandet. Når me ser rundt oss – me kan sjå på regjeringskvartalet – ser me kor store overskridingar ein har. Vestlandet føler at det er ein annan standard frå regjeringa når det handlar om noko som er viktig for Vestlandet, enn det er når det handlar om Austlandet. Eg har òg tatt masse tog her og sett tomme sete, men eg har aldri høyrt at det har vorte omtala som eit problema at det er tomme sete på Flytoget eller på regiontoga til Vy på Austlandet. Men med ein gong det er eit tomt sete på eit fly Vestlandet, er det eit stort problem, og då må kapasiteten reduserast. Det er uklokt. Difor er eg glad for at Framstegspartiet, i lag med alle andre parti, sørgjer for at næringslivet og folk får behalda det tilbodet dei har i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat