Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingrid Fiskaa, Kirsti Bergstø, Audun Hammer Hovda, Lars Haltbrekken, Marthe Hammer og Marian Hussein om å bygge infrastruktur for transport og lagring av CO2 – Kortskip (Innst. 282 S (2025–2026), jf. Dokument 8:196 S (2025–2026))

Innlegget

Fangst, transport og lagring av CO2 kuttar utslepp, og det tryggjer industrien vår, men det skjer ikkje av seg sjølv. Noreg har allereie den grønaste industrien i verda. Det er eit konkurransefortrinn som berre blir viktigare i åra som kjem, og viss Noreg framleis skal vera ein avansert industrinasjon, kan me ikkje lena oss tilbake og tenkja at marknaden skal ordna opp. Då må me finna opp den aktive industripolitikken igjen, der fellesskapet, gjennom staten, byggjer infrastruktur og sørgjer for lokale ringverknader. Transport og lagring av CO2 skjer jo allereie. Langskip og Northern Lights er allereie i gang, men det er berre for dei aller største utsleppspunkta og fyrst og fremst innretta for internasjonale kundar. For dei litt mindre, men likevel store utsleppspunkta for industri og avfallsanlegg manglar me den infrastrukturen som trengst. Det er ikkje rimeleg å forventa at dei enkelte industribedriftene eller anlegga skal byggja eller koordinera noko sånt. Tilskotsordningar til enkeltdelar av en sånn infrastruktur, som Enova no har fått pengar til etter at SV har kjempa det igjennom i budsjettforlika, det er vel og bra. Men støtte til enkelte mottaksterminalar dekkjer ikkje behovet for ei koordinert bygging av ein samanhengande infrastruktur som kan transportera og lagra CO2 på ulike utsleppspunkt som ligg litt rundt omkring. Difor fremjar SV forslaget om kortskip. Det er mest aktuelt i industriklyngjene på Haugalandet, i Grenland, på Mongstad og i Mo i Rana. Difor føreslår me å starta med ein eller fleire av desse, og me bør starta no. Me ser ingen grunn til å sitja på hendene å la vera å handla i ei skjebnetid for industrien vår. For oss i SV er det naturleg at staten eig og driftar infrastruktur. På same måte som fellesskapet gjer det med vatn og avløp, med jernbaneskinner og med straumnett og definitivt bør gjera det med den digitale infrastrukturen, bør me i fellesskap ha kontroll over CO2-infrastruktur. Industrien og andre som bruker infrastrukturen, skal sjølvsagt vera med og betala for bruken av han. Så tida er moden. Tida er moden for å byggja samfunnsnyttig infrastruktur, for å redda industrien vår og for å kutta dei største punktutsleppa av CO2, og på alle desse områda er kortskip ein viktig del av svaret. Og med det tar eg opp forslaga frå SV.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat