Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakInnstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Pollestad, Trygve Slagsvold Vedum, Bjørn Arild Gram og Bent-Joacim Bentzen om Svalbard (Innst. 251 S (2025–2026), jf. Dokument 8:130 S (2025–2026))
Innlegget
Svalbardsamfunnet er sterkt, mangfaldig og sårbart. Lokalsamfunnet i Longyearbyen består av menneske som har teke eit aktivt val med å busetja seg i ytterkanten av riket vårt. Dei er òg den beste garantien vår for at Svalbard skal vera norsk i framtida òg, og for at naturen og naturressursane der skal forvaltast klokt. Til gjengjeld må staten og Stortinget føra ein politikk som gjer at folk framleis ønskjer å bu på Svalbard, og at dei kan bu der. Det oppfattar eg ikkje at alltid har vore rettesnora i svalbardpolitikken. Dei seinare åra har fleire tendensar som utfordrar bulyst og bumoglegheiter, gjort seg gjeldande. Rettar og velferdstilbod som bør vera sjølvsagde i Noreg, har blitt trekte tilbake. Avsluttinga av gruvedrifta har gjort at faste og heilårlege arbeidsplassar forsvinn. Standarden på grunnleggjande infrastruktur og mange bustader er dårleg, og forsyningssikkerheita er under press. Lokalsamfunnet blir delt inn i A-lag og B-lag gjennom den statlege politikken, og mangfaldet, som framleis er ein ressurs, blir mistenkjeleggjort. Alt dette er det mogleg å gjera noko med. Det krev ein statleg politikk som investerer i Longyearbyen og menneska som bur der. Difor fremjar SV i dag ei rekkje forslag som viser at det er mogleg, og som byggjer på og tek i bruk ressursane som finst i lokalsamfunnet. Me føreslår å gje stemmerett ved val til lokalstyret til alle innbyggjarar med minst fem års samanhengande butid. Me føreslår å sikra retten til individuell tilrettelegging for elevar på Longyearbyen skule. Og me føreslår endringar på det feltet alle i Longyearbyen sjølve trekk fram: Det må vera nok bustader til ein akseptabel standard. SV vil ha vekk korttidsutleige av bustader, sånn at dei lengebuande og fastbuande ikkje blir trengde vekk av turistar. SV meiner ikkje at folketalet i Longyearbyen skal auka, men me meiner det må vera nok bustader til dei som bur der i dag. Regjeringa varslar opprusting av infrastrukturen på Svalbard, og det støttar me. Men me føreslår ein tydelegare plan, med ei tidslinje for når dei ulike delane av oppgraderinga skal skje. Gjennomføringa av ein sånn plan vil kunna gje aktivitet, arbeidsplassar og stabil busetjing i Longyearbyen i mange år framover, men det krev òg at oppdraga går til lokale leverandørar, i staden for at ein hentar tenester og arbeidsfolk på korte oppdrag frå fastlandet. Med det tek eg opp forslaga SV er med på.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat