Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakInnstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Jørgensen, Hanne Beate Stenvaag og Remi Sølvberg om å heve vraket av fregatten KNM Bergen utenfor Andøya (Innst. 289 S (2025–2026), jf. Dokument 8:153 S (2025–2026))

Innlegget

I generasjonar har Svensgrunnen vore eit viktig fiskefelt. Det er ein arbeidsplass for mange langs kysten og eit matfat for heile Noreg. Etter at KNM «Bergen» blei senka i 2025, har dette blitt ein risikabel arbeidsplass. Reiskap kan bli øydelagde og tapte, og i ytste konsekvens kan det å fiska der no bli ein risiko for liv og helse for fiskarane. Ifølgje Norges Fiskarlag vil dette fiskefeltet, som er veldig viktig, i stor grad bli teke ut av bruk, noko som i neste omgang kan ramma landindustri og kystsamfunn. Då fregatten blei senka, meinte Fiskeridirektoratet at senkinga ville vera til hinder for fiske, og avgjerda blei teken utan at organisasjonane til fiskarane blei konsulterte. Svensgrunnen ligg altså mellom Senja og Andøya. Det er eit rikt og produktivt, men sårbart marint miljø. SV meiner det er nødvendig å heva fregatten, av omsyn til miljø og fiskeri, og me vil takka Raudt for å fremja dette forslaget i fyrste omgang. Eg registrerer at fleire av talarane som har vore oppe her tidlegare, er bekymra for kostnadene med å heva fregatten, men det vil jo òg vera ein betydeleg kostnad knytt til det å la fregatten liggja der den ligg. Me har tenkt litt på dette med kostnader med heving òg. Sidan det var eit amerikansk bombefly som senka denne fregatten i utgangspunktet, meiner me at USA må vera med og dekkja delar av kostnaden med å heva vraket. I denne salen er me einige om eit forsvarsløft, me prioriterer store summar og brukar mykje ressursar for å styrkja den nasjonale forsvarsevna. Skal me lykkast med eit sånt vesentleg løft, er me avhengige av tillit og støtte i befolkninga. Denne typen vrak som ligg på havbotnen, og som er senka utan føregåande diskusjon med dei det vedkjem, skapar problem for både lokalsamfunn og miljø, og det bidreg til å svekkja denne tilliten me er avhengige av. Med det tek eg opp forslaget frå SV, Raudt og MDG.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat