Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Erling Sande om tiltak for å sikre nok jordmødrer i helsetenesta (Innst. 292 S (2025–2026), jf. Dokument 8:146 S (2025–2026))
Innlegget
Kjersti Toppe (Sp) [13:19:37] (leiar i komiteen): Senterpartiet er glad for at vi i denne saka kan få fleirtal for viktige forslag som kan bidra til å sikra nok jordmødrer i helsetenesta vår. Jordmødrer har høgare turnover enn fleire andre sjukepleiargrupper. Éi av ti jordmødrer jobbar utanfor tenesta og berre éi av tre jordmødrer jobbar fulltid. Få tilgjengelege jordmødrer fører til auka press på tenesta. Mange avdelingar rapporterer om låg grunnbemanning, høgt arbeidspress og utfordringar med å behalde dei erfarne jordmødrene vi har. Det kan gå utover pasientar, kvinner og barn og deira familiar. Når det gjeld utdanning, er tilstrekkeleg med praksisplassar avgjerande. At regjeringa no skal ta eit sentralt initiativ til at universitet og høgskular i samarbeid med helseføretaka vurderer å ta endå fleire sjukehus i bruk som praksisplassar, er veldig bra. I innstillinga er det fleirtal for eit forslag om å auka antalet studie- og praksisplassar for jordmødrer, inkludert satsing på desentraliserte studieplassar, og at det vert etablert fleire utdanningsstillingar i tråd med behovet. Vi håpar at dette forslaget kan få fleirtal òg her i Stortinget i dag. Vi står inne i forslaget om mentorordningar og strukturerte introduksjonsprogram, som vi meiner er viktig for å hindra auka turnover eller at nyutdanna jordmødrer sluttar. Vi fremjar forslag om å rekruttera helsefagarbeidarar og barnepleiarar til fødsels- og barselomsorga, som òg er veldig viktig. Så føreslår vi å be regjeringa om å greia ut og pilotera ei femårig integrert jordmorutdanning. For å presisera: Det er ikkje meint som ei erstatning for dagens utdanningsmodell, men det kan vera eit supplement. Jordmorutdanningane støttar dette forslaget. Dersom det fell, vil vi stemma subsidiært for forslag nr. 4, frå Høgre og KrF. Vi har forslag om å be regjeringa sørgja for ei samanhengande svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg, gjennom modellar som «Min jordmor» og «God start». Vi står òg inne i forslaget om at alle helseføretak må innføra modellar for auka grunnbemanning og håpar på fleirtal for det i dag. Så fremjar vi forslag om at følgjetenesta i Tinn kommune vert behalden som ei eiga teneste og ikkje vert slått saman, sånn at kvinner får ei dårlegare følgjeteneste enn før. Dette er ei sak vi har kjempa for lenge. Den er òg tatt opp tidlegare i Stortinget. Vi meiner det er veldig avgjerande at ein ikkje tillét ei slik svekking av følgjetenesta for kvinner i Telemark. Med det tar eg opp dei forslaga Senterpartiet er ein del av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat