Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 21. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Erling Sande om tiltak for å sikre nok jordmødrer i helsetenesta (Innst. 292 S (2025–2026), jf. Dokument 8:146 S (2025–2026))
Innlegget
Nyheita om at ultralydutdanninga av jordmødrer ved NTNU skal leggjast ned, og at ansvaret skal overførast til helseføretaket St. Olavs Hospital, har skapt stor uro. Fagmiljøet fryktar at fagmiljøet skal verta svekkja og rasert, og erfarne arbeidarar som står for utdanninga i dag, har no fått varsel om oppseiing. Samtidig er fostermedisin ein veldig viktig del av det spesialiserte tilbodet. Det er ikkje eit så stort fagmiljø i Noreg, men dei må vera gode. Det er òg viktig å utdanna fleire jordmødrer i og med at ultralyd vert viktig for å sikra ein god svangerskaps- og fødselsomsorg. Eg høyrde statsråden sa noko i førre replikkordveksling, men er det slik at statsråden vil gå inn i den saka og sjå på kva som bør skje?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat