Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Morten Stordalen, Rikard Spets, Pål Morten Borgli, Sylvi Listhaug, Kristoffer Sivertsen, Kristian August Eilertsen, Bjørn Larsen og Tor Mikkel Wara om det neste oljeeventyret på norsk sokkel (Innst. 284 S (2025–2026), jf. Dokument 8:175 S (2025–2026))
Innlegget
Eg veit nesten ikkje om eg skal le eller grina når eg høyrer på FrP i denne debatten. Ein snakkar om føreseielegheit og stabilitet, men i praksis er rett og slett politikken til FrP ein trugsel for norske arbeidsplassar innan norsk olje og gass. Kvifor? Jo, det er fordi dei nektar å forhalda seg til at me har underteikna Parisavtala, som gjer at me skal omstilla næringa vår. Alle grafar peikar inn i eit framtidsbilde som også me i Noreg er nøydde til å forhalda oss til. Akkurat no er det krig i verda, og det er krig i Europa, noko som gjer at me produserer meir olje og gass enn det me har gjort på lang tid. Sjølvsagt stiller Noreg opp i den situasjonen som me står i, men det betyr ikkje at me ikkje skal ta ansvar for næringslivet vårt framover. Framstegspartiet seier at dei har snakka med næringa. Eg stiller det same spørsmålet som representanten Haltbrekken: Kven har dei snakka med? For me i Arbeidarpartiet har vore ute og snakka med næringa, og dei seier tydeleg frå til oss: stabile rammevilkår. Dei skjelv av politikken til FrP, som no er imot alt som heiter subsidiar, men når det gjeld oljenæringa, skal det pøsast inn i stort mon. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Politikken til FrP er som «long covid». Ein ser ikkje konsekvensane av han på sikt, men til slutt ligg næringslivet brakk. På Vestlandet er dette ein av dei store snakkisane – korleis politikken til Framstegspartiet kan leggja heile vestlandskysten brakk.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat