Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))

Innlegget

Eg er sjølv pendlar med fly til Sogn og Fjordane, og eg veit veldig godt at flyrutene er ein heilt nødvendig del av kollektivtilbodet i distriktet vårt. For mange år sidan var det luftige planar om tog til min heimby Førde i Sogn og Fjordane. Eg er glad for at dette ikkje blei noko av – ikkje fordi eg ikkje set pris på å ta toget, men fordi det ville rasert mykje natur og matjord og hatt eit klimarekneskap som aldri ville gått opp. Sidan vi manglar togtilbod, blir FOT-rutene sjølve livsnerven i Distrikts-Noreg. Anbodet sikrar verken klima, skattebetalarane eller distrikta på ein god nok måte. Vi treng ikkje eit pengesluk som flyr tomme seter; vi treng eit treffsikkert tilbod i lufta. Anbodet som er lyst ut, tek ikkje høgde for dei faktiske behova på bakken og i lufta. Vi skal ha flygingar tilpassa folk sine liv, ikkje ruteplanar tilpassa tomme seter. Vårt viktigaste krav er at kapasiteten må opp på dei tidspunkta der behovet faktisk er størst. Det betyr ei reell auking i kapasiteten morgon og ettermiddag, når pendlarar, pasientar og næringsliv skal fram. Samtidig må vi tørre å sjå på overkapasiteten på tider av døgnet der flya går nærmast tomme. For Vestlandet er det forbindelsen til Oslo som er mest kritisk, og delvis også nord–sør. Men løysinga er ikkje å fly halvtomme, store maskiner midt på dagen. Vi må sjå på fleksibilitet, anten ved å samle passasjerar frå nærliggjande flyplassar, eller ved ta i bruk mindre og meir driftseffektive flytypar, som f.eks. Twin Otter, på dei minst trafikkerte avgangane. Busstilbodet må styrkjast kraftig og bli vesentleg billegare, slik at bussen blir eit reelt og konkurransedyktig alternativ til fly på dei strekningane der det er realistisk. Kortbanenettet er den perfekte rullebana for den grøne luftfartsrevolusjonen. Vi vil ha dei første elektriske passasjerflya i rute i 2030. Kortbanenettet skal ikkje vere gårsdagens forureinande løysing; det skal vere morgondagens utsleppsfrie spydspiss. Det er på desse korte distansane at elektrifiseringa av luftfarta er realistisk på relativt kort sikt. Vi må erkjenne at flytrafikken mellom dei store byane våre må ned, men der det ikkje finst gode alternativ på bakken, som på store delar av Vestlandet og i Nord-Noreg, skal vi leggje til rette for ei effektiv og på sikt utsleppsfri luftfart. Difor er vi sjølvsagt med på forslaget som skal stemmast over i dag.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat