Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Midlertidig endring av alkoholloven (unntak fra maksimaltiden for skjenking under fotball-VM for herrer 2026) (Innst. 296 L (2025–2026), jf. Prop. 88 L (2025–2026))

Innlegget

Sjølv eg som ikkje er spesielt fotballinteressert, ser fram til fotball-VM i år. Likevel: Etter 40 år i helsevesenet har eg sett min del av den brutale verkelegheita i denne verda. Eg har stått på akuttmottaket ein sein laurdagskveld og teke imot menneske med store skadar etter trafikkulykker, og eg har behandla talrike pasientar som har blitt utsette for blind vald. Fellesnemnaren for skremmande mange av desse er at det luktar ganske rikeleg med alkohol, og at dei har høg promille. Difor gjer det vondt når Stortinget i dag behandlar dette lovforslaget. Her føreslår Ap og Framstegspartiet, med fleire, å liberalisere alkoholloven. Dei vil opne kranene endå meir, utvide skjenkjetidene og gjere alkohol endå meir tilgjengeleg. Det blir argumentert med fridom, men etter fire tiår i kvit kittel må eg berre spørje: Fridom for kven? For dette forslaget handlar ikkje i det heile om fridom for dei som ber dei tyngste børene i samfunnet vårt. Det er så visst ikkje fridom for barna – dei barna som må sitje heime og kjenne klumpen i magen vekse. Det er ikkje fridom for partnarar som må gå på nåler i sin eigen heim, i konstant frykt for kva humør som kjem snublande inn døra. Og det er i alle fall ikkje fridom for dei tilsette i serveringsbransjen. Dei står allereie i førstelinja kvar einaste dag. Når ein lagar eit unntak, som ein gjer her, blir det vanskeleg å stå imot neste gong. Å tru at samfunnet blir betre eller meir velfungerande av å gjere alkohol meir tilgjengeleg, er som å ignorere dei aller tydelegaste symptoma på ein sjukdom og håpe at han går over av seg sjølv. Det er dårleg medisin, og det er elendig politikk. Helse er ikkje ein vare du kan selje på billigsal. Vi kjempar for eit samfunn der det skal vere trygt å gå i gatene, trygt å vere på jobb – og aller viktigast: trygt og alkoholfritt å vere heime for dei som treng det. Det er mogleg å skape ei framtid som er både varmare, grønare og smartare, men då må vi tore å utfordre systema. Vi må tore å setje førebygging og menneskeverd framfor kortsiktig profitt og populistiske omsyn ved å velje å ta vare på dei som treng mest å blir beskytta. Eg er sikker på at alle dei som ønskjer det, uansett får sett fotballkampane, med eller utan alkohol. Difor stemmer Miljøpartiet Dei Grøne nei til dette lovforslaget.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat