Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Erling Sande om tiltak for å sikre nok jordmødrer i helsetenesta (Innst. 292 S (2025–2026), jf. Dokument 8:146 S (2025–2026))

Innlegget

I jobben min som kirurg i Sør-Sudan har eg hatt det store privilegiet å få lov å hjelpe til med livets største under, nemleg at barn kjem til verda. Eg må seie at noko av det kjekkaste eg gjer som kirurg, er å få lov å gjere eit keisarsnitt når ei kvinne har lege lenge i fødsel og dette ikkje går lenger. Det gjer eit sterkt inntrykk kvar gong. Men eg har dessverre også sett den andre sida. Det er utslitne jordmødrer som løper mellom fødestover, og at det er djup uro blant mange fødande om dei faktisk får den hjelpa og tryggleiken dei treng når dei faktisk kjem inn på fødeavdelinga. Jordmødrer er sjølve ryggrada i ein trygg start på livet, sjølv om vi legar også – i all beskjedenheit – bidrar litt. Når vi i dag behandlar saka om å auke kapasiteten i jordmorutdanninga, er diagnosen krystallklar: Vi har ein betydeleg mangel på jordmødrer. Difor er Miljøpartiet Dei Grøne heilhjarta med på hovudmålet med og intensjonen bak forslaget. Vi vil støtte tilrådingas I, II og IV. Men eg er bekymra for at mykje detaljstyring fort kan gjere at vi slår barnet ut med badevatnet, nærmast bokstaveleg. Sjølv den beste medisinen kan gje biverknader viss ein bommar på doseringa. Det er nettopp her vi i MDG blir bekymra når vi ser III i denne innstillinga og fleire av mindretalsforslaga. Her fell Stortinget for freistinga til å drive med politisk detaljstyring av utdanningsinstitusjonar og helsevesenet elles. Vi prøver å diktere nøyaktig korleis og med kva for mekanismar denne aukinga skal skje her frå Stortinget. Det er feil medisin. Vi politikarar må stille opp med rammene, med midlane som trengst, og med dei store måla, men vi må ha tillit til fagfolka som faktisk skal organisere og drive utdanninga. Ja, det trengst meir ressursar, men ikkje meir detaljstyring. Vi risikerer rett og slett å svekkje kompetansen og bidra til uønskte vaktordningar. Ein-til-ein-oppfølging ved fødsel bør vere hovudregelen, eller skal vere hovudregelen, men rettigheitsfesting skaper fleire utfordringar enn det løyser. Det er spesielt utfordrande på mindre fødeavdelingar, der det er større variasjon i antal fødande, og der ein må velje mellom å bryte rettar, overbemanne og dermed svekkje kompetansen eller rett og slett leggje ned. Dette kan ikkje MDG vere med på. Vidare: God helsepolitikk handlar om å lytte til dei som har skoa på. Vi vil ha fleire jordmødrer inn i tenestene, men vi er bekymra for biverknader av ein del av forslaga, bl.a. III. Difor stemmer Miljøpartiet Dei Grøne for I, II og IV, men vi vil tenkje litt fram til votering på om vi også skal støtta III.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat