Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 21. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Erling Sande om tiltak for å sikre nok jordmødrer i helsetenesta (Innst. 292 S (2025–2026), jf. Dokument 8:146 S (2025–2026))

Innlegget

Det er betydelege manglar i føde- og barselomsorga, sjølv om vi nok, nøkternt sett, har eit veldig godt tilbod, er det framleis mange hol, som gjev utryggleik, ikkje minst når det gjeld dei førstegongsfødande etter fødselen. Å ta seg av den nyfødde og å lære seg å amme, er krevjande for mange. Det har vi personleg erfaring med i familien, at det kan ta tid og gje store utfordringar. Det manglar jordmødrer både på sjukehus og i kommunane, og kombinasjonsstillingar mellom kommune og sjukehus kan bidra for nokre jordmødrer som ønskjer det. Det samme gjeld å auke utdanninga for jordmødrer, som vi har vore inne på, og det å bruke andre yrkesgrupper i barseltida, og totalt sett å tilføre meir ressursar. Mitt spørsmål til statsråden er: Kva vil han gjere for å betre føde- og barselomsorga, og når kan vi forvente å sjå resultat av dette?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat