Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakRepresentantforslag frå stortingsrepresentantane Bård Hoksrud, Trond Helleland, Anne Lise Gjerstad Fredlund, Erling Sande, Remi Sølvberg, Marius Langballe Dalin, Jørgen H. Kristiansen og Grunde Almeland om å sikre det regionale flytilbodet på FOT-rutenettet i Sør-Noreg (Dokument 8:291 S (2025–2026))
Innlegget
Kortbanenettet er bussen, trikken og jernbanen vår på Vestlandet. For mange innbyggjarar er dagens tilbod ein føresetnad for bruk av helse- og utdanningstilbod og andre sentrale velferdstenester. Det er ikkje berre å kutte i FOT-rutenettet og tenkje at det blir ei direkte økonomisk innsparing, for dette handlar også om korleis næringsliv og offentlege tenester skal fungere. Kortbanenettet har blitt ein integrert del av velferdsstaten, og skal du reise til Oslo, må du kunne fly om morgonen og komme deg heim same dag. For kompetansebedrifter, reisande og det offentlege er kortbanenettet avgjerande for utvikling og konkurransekraft. FOT-rutekjøp bidrar til både busetting og verdiskaping, og eit stort tal aktørar i Sogn og Fjordane har gitt klar beskjed om det dei siste vekene. Eksempelvis har Helse Førde i dag utfordringar med å få tak i nok legar. For å få tak i fagfolk er eit godt flytilbod ein del av konkurransegrunnlaget vårt. Når infrastrukturen først er på plass, må han bli tatt i bruk med ordentleg rutefrekvens. Difor er eg glad for at eit breitt fleirtal på Stortinget no har gått inn for å motarbeide kutta frå regjeringa. Ein annan viktig føresetnad for god bruk av kortbanenettet er at billettprisane er låge nok til at folk kan bruke tilbodet. Ved Bringeland har passasjertalet auka med over 20 pst. frå 2023 til 2025. Næringslivet i regionen er tydelege på at ei vidareføring av dagens tilbod som minimum er avgjerande for lokalisering av både privat og offentleg verksemd i regionen, også møteverksemd, kundekontakt og prosjektgjennomføring. Dårlegare rutefrekvens, redusert kapasitet eller uheldige rutetider direkte undergrev konkurranseevna vår. Færre avgangar og dyre billettar aukar også risikoen for tap av kontraktar og arbeidsplassar. Difor er det viktig at regjeringa utarbeider eit nytt anbodsgrunnlag for kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg, som sikrar at dagens flytilbod og setekapasitet på dei ulike strekningane vil bli halde på dagens nivå, med vekt på auka kapasitet på tider med størst behov, utan urimeleg prisauke, sjølvsagt. For FrP er det viktig at ein sikrar god infrastruktur og framkomme. Her har regjeringa gått inn for eit småleg kutt og demonstrerer manglande evne til å prioritere, og det inngår i eit mønster. Gjennom dei siste ti åra har det blitt henta store pengesummar frå den mest lønnsame landsdelen vi har, for å ause ut titals milliardar på ulønnsame prosjekt på motsett side av fjellet. Det som finst av behov for oppgradert og nødvendig framkomme på Vestlandet, blir neglisjert og nedprioritert av ei regjering som vel vekk distrikta.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat