Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. mai 2026

Stig Even Lillestøl
Stig Even Lillestøl
Fremskrittspartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor Mikkel Wara, Morten Stordalen, Kristoffer Sivertsen, Erlend Wiborg, Bjørn Larsen og Rikard Spets om å tilrettelegge for kjernekraft i Norge (Innst. 278 S (2025–2026), jf. Dokument 8:191 S (2025–2026))

Innlegget

Kjernekraft er allereie ein del av den norske energimiksen takka vere produksjonen i andre land. I framtida må kjernekraft utgjere ein langt større andel av kraftproduksjonen vår, for vi treng ein stor «baseload» med stabil kraft som leverer 24/7. Det må vi ha for at samfunnet skal gå rundt, og enkelte industriaktørar må ha straum heile døgnet for at utstyret ikkje skal bli øydelagt. Vi må òg klare å produsere straum utan for store naturinngrep, spesielt om vi skal fortsetje å vere eit av verdas beste land å leve i, med overflod av billig energi som har moglegjort vestleg sivilisasjon slik vi kjenner den. For framtida vil krevje enormt med kraft, og vi ser allereie ein revolusjon innan kunstig intelligens på horisonten, som kan gje ein massiv effektiviserings- og velferdsvekst om vi legg til rette for det. Difor skal vi ha i bakhovudet at moderne SMR-reaktorar berre krev areal på størrelse med ein fotballbane. Kjernekraft bruker 99,7 pst. mindre plass enn landbasert vind. Med andre ord blir det 350 gonger større inngrep i naturen vår med vindkraft. Ved eit vesentleg større framtidig kraftbehov vil altså storskala vindsatsing medføre enorme inngrep på sikt. Ikkje minst må vi klare å byggje billig kjernekraft i framtida. Det er heilt rett at det er bygd svært kostbar kjernekraft i Europa, og i USA skaut kostnadane i vêret etter Three Mile Island-ulykka, bl.a. på grunn av dei påfølgande reguleringane av kjernekraft i landet. Det er likevel viktig å hugse at kjernekraft i USA ein gong var konkurransedyktig mot kolkraft, og i Kina ser vi at dei allereie har greidd å byggje kjernekraft til 50 øre, som over tid har blitt billigare etter kvart som fleire kraftverk har blitt bygd. Vi europearar er ikkje dummare enn korkje kinesarar eller amerikanarar. Vi må berre lære oss å vere framoverlente. For bak prislappen på kjernekraft er det ein enorm «idiotfaktor», samtidig som prislappar på havvind i langt større grad består av materialkostnader og løner som er vanskelege eller lite ønskelege å presse kraftig ned. Vi vil være tent med å kome i gang med kjernekraft så snart som mogleg. Difor legg FrP fram forslag for å forberede Noreg på det. Satsinga skal skje i eit trygt og fornuftig tempo, som betyr at produksjonen ligg noko fram i tid. Andre land er i gong og satsar for fullt. Det bør Noreg også gjere, spesielt når private aktørar ønskjer å satse – utan ei einaste krone i statsstøtte. Skal vi ha industrielle samfunn og produksjon i Noreg og i resten av Europa, treng vi massiv utbygging av kjernekraft. Alle parti som er opptekne av vekst, velstand og tryggleik, bør støtte desse gode FrP-forslaga.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat