Innlegg · 21. mai 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Lars Haltbrekken om ny modell for utjevning av nettleie (Innst. 285 S (2025–2026), jf. Dokument 8:171 S (2025–2026))
Innlegget
Tilstrekkeleg og rimeleg kraft er eit nødvendig grunnlag for både velferd og verdiskaping. Det eg skal seie no, sømer det seg kanskje ikkje å seie som ein parlamentarikar med ansvar i Energi- og miljøkomiteen, men: Eg er ein ganske enkel type – når eg går i butikken og plastposane kostar masse, blir eg litt sur for det og endar opp med å bere varene på trass, sjølv om eg er med og vedtar systemet. Det same skjer viss eg opplever å få ei straumrekning som er for dyr, då blir eg òg forarga. At mange i ein periode kjende litt på dette, er veldig relaterbart for denne parlamentarikaren. Det gjer jo òg at eg meiner det var veldig bra at regjeringa, som den første regjeringa i historia, fekk på plass ein straumstønad i 2021, og at ein etter kvart gjorde han sterkare og betre, før ein spedde på igjen på nytt i 2025 med noregspris, som òg skapte meir føreseielegheit. Det å kunne sleppe å rasjonere på pengane og sørgje for overkomelege prisar òg når vinteren kjem og du treng meir kraft i støpselet, det er utruleg bra politikk. Eg vil òg seie, når vi snakkar om straumrekninga, at dette ikkje har vore gratis. Berre fram til no i 2026 er det brukt 11 mrd. kr. Vi ser i tillegg til det at det på nettleiga har blitt tatt ned med betydelege summar. 10 mrd. kr på flaskehalsinntektene sidan 2022 har blitt brukte til det. Så er det berre å erkjenne at ulik topografi, fjord, fjell og dalar – mange av dei same elementa som der vi hentar ein del av vasskrafta vår frå – saman med ulik folkesetnad gir ujamn nettleige. Det er ein debatt vi er obs på, og som vi kjem til å følgje vidare. Men dei tiltaka som er gjort allereie, har ført til at ein kan gå frå å vere forarga og overraska når ein får straumrekninga, til at ein endeleg, for første gong i historia, har litt meir føreseielegheit for kva ein betalar for å få energien trygt fram i hus. Det er eg stolt av som arbeidarpartimedlem, og som medlem av eit storting som etter kvart har slutta seg til dette.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat