Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Morten Stordalen, Rikard Spets, Pål Morten Borgli, Sylvi Listhaug, Kristoffer Sivertsen, Kristian August Eilertsen, Bjørn Larsen og Tor Mikkel Wara om det neste oljeeventyret på norsk sokkel (Innst. 284 S (2025–2026), jf. Dokument 8:175 S (2025–2026))
Innlegget
Eigentleg var det førre innlegget så godt at eg nesten kunne ha fråfalle. Eg synest det nesten er på sin plass å få fram kor hopp-og-sprett FrP er i retorikken på dette med olje. Éin ting er den fenomenalt presise og gode historieforteljinga vi akkurat hadde om kva retning FrP ville hatt, men når ein samanliknar med andre land som på ein måte har hatt ei meir FrP-tilnærming på privat velferd og fri flyt innanfor olje, er Russland og Nigeria nærare partiboka til FrP enn det kanskje Noreg er. Eg trur ein skal passe seg litt før ein proklamerer at det er FrP som høyrer mest på dei som jobbar i næringa. Mens vi er inne på det, trur eg kanskje òg ein skal lytte til mange av dei som er i leverandørindustrien, som stadig vekk byrjar å lure på – ja, Sivertsen sa det sjølv – kva politikk ein får i morgon viss FrP skal kome og avlyse satsingar dei er avhengige av. Vi ser det igjen og igjen. Det er populistiske overskrifter som er laga og designa for å tene nokre veljarar og applaus i augeblikket, men som kanskje ikkje fyrst og fremst har blitt utforma og etterspurt av dei som jobbar i næringa det gjeld. Eg tenkjer at når vi snakkar om ei så seriøs og avgjerande næring som gass og olje i Noreg – heile petroleumssektoren vår, med alle dei vanvitig mange arbeidsplassane som høyrer til– må ein òg vise litt alvor når ein tek debatten etter å ha kome med forslag. Å vidareformidle ting ein tilsynelatande har fått i ein flaskepost, frå ein ukjend adressat – eg trur vi kan betre enn det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat