Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor Mikkel Wara, Morten Stordalen, Kristoffer Sivertsen, Erlend Wiborg, Bjørn Larsen og Rikard Spets om å tilrettelegge for kjernekraft i Norge (Innst. 278 S (2025–2026), jf. Dokument 8:191 S (2025–2026))
Innlegget
Arbeidarpartiet tar kjernekraftdebatten på alvor. Det her fortener ein seriøs debatt som omfattar både fordelar og ulemper. Når eg les ein del av desse forslaga her, tenkjer eg at det er greitt å vere framoverlent, men det er òg greitt å vite om det er vatn i bassenget før ein stuper uti med hovudet først. Nettopp difor maner vi til eit sterkt fleirtal i Stortinget no, for å få ei stortingsmelding, sånn at vi kan få eit litt betre kunnskapsgrunnlag om teknologiutvikling, om korleis vi skal styre med dette, og om korleis ansvarsfordelinga skal vere, og bli tryggare på uavklarte spørsmål, sånn at vi kan gå vidare på ein nøktern og kunnskapsbasert måte. Det meiner eg vi treng. La oss vere ærlege: Vi har ei energikrise framfor oss. Halvparten av det norske energiforbruket er framleis fossilt. Det må vi erstatte med ny kraft, og det betyr at vi må ha ein ordentleg samtale om alle potensielle energiproduksjonar som kan vere med og erstatte det. Ja, moderne reaktorar har blitt tryggare, men no er det faktisk prisen som er det store problemet. Det kostar mykje, det er store investeringar, men det kostar òg veldig mykje i etterarbeidet. Der har vi eit eksempel frå USA, der det sidan 1989 har blitt brukt 2 000 mrd. kr av det offentlege pengebudsjettet på å rydde opp atomavfall. Det er – for dei som synest det er interessant –, ei remse med tusenlappar jorda rundt sju gonger. Ganske mykje pengar. Eg er jo eigentleg teknologioptimist, Arbeidarpartiet er bygd på å vere teknologioptimistar. Det er fullt mogleg at det finst ein betre og billegare måte å løyse denne typen problem på i framtida, men då er det greitt å vite i staden for å måtte håpe. Det er noko heilt grunnleggjande her, som førre talar var inne på. Dette er store, alvorlege spørsmål. Då meiner eg at politikken ikkje kan skifte side eller retning kvar einaste gong det blir litt temperatur i eit kommentarfelt. I det siste har det vore trøbbel med både bensindans, havvind og alt mogleg rart ute på høgresida. Heile poenget er at førre talar understreka at dei vil byggje opp alt dette og putte inn alle milliardar i alt av infrastruktur og kva det måtte vere, men at dei stoppar på målstreken om det går ei krone til subsidiar. Då blir eg litt bekymra for kva gjennomføringsevne vi eigentleg har framfor oss. Kjernekraft er ingen sommarflørt, det er ei generasjonsforplikting. Det fordrar òg at vi tar dette på alvor. Eg maner Stortinget til å samle seg om ei stortingsmelding og til at vi kan gå vidare på den måten i staden for å drive med bajaspolitikk.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat