Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. mai 2026

SakInnstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tor Mikkel Wara, Morten Stordalen, Kristoffer Sivertsen, Erlend Wiborg, Bjørn Larsen og Rikard Spets om å tilrettelegge for kjernekraft i Norge (Innst. 278 S (2025–2026), jf. Dokument 8:191 S (2025–2026))
Innlegget
Eg hadde eigentleg skrive ned på blokka mi det infamøst store antalet energiministrar som var i Solberg-perioden, og kor lite som skjedde på dette feltet i den perioden. Eg hadde òg nokre artigheitar som eg i all beskjedenheit syntest var ganske morosame. Heilt ærleg trur eg at denne debatten er tent med at vi heller roar litt ned. Viss denne debatten skal gå vidare på ein ordentleg måte, er han tent med at vi senkar ned dei mest tabloide ordvala og dei mest lettvinte framstillingane. Eg trur at viss ein er pro kjernekraft og vil ha det så fort som mogleg, vil ein stå seg godt på å vere ærleg om at det er dyrt. Ein kan framsnakke at det er volumpotensial, men vere ærleg på at det er dyrt, på at det har store konsekvensar for kva som trengst av infrastruktur og lagring, og på at det er massevis av komplekse problemstillingar som er komplekse, i staden for å late som om at alt det der er lettvint. Eg trur den ærlege og nøkterne innfallsvinkelen til denne debatten er ein betre versjon av debatten. Eg gjentek – og det meiner eg velmeint – at viss no FrP og KrF kan svelgje stoltheita si og vere med på vedtaket om stortingsmelding, er det, etter det eg klarer å rekne meg fram til, eit samla storting som peikar dette vidare. Ønskjer vi at vi skal ha denne debatten på ein ordentleg måte? Ja, så følg utviklinga med stortingsmeldinga, og ver ærlege om både pluss og minus, men gode kollegaar: La oss droppe det litt i overkant forenkla språket i dette. Dette er komplisert, kjernekraft er alvorleg, og då må vi også ta debatten på ein seriøs og ryddig måte.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat