Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))

Innlegget

Helseplattforma skulle bli framtida for norsk helseteneste. Éin journal, betre samhandling, meir tid til pasientane. I staden har dette utvikla seg til å bli eit av dei største IT-problema me har sett i norsk helsevesen. Dette er ikkje noko Framstegspartiet har funne på for å laga politisk bråk. Problema blei så alvorlege etter innføringa ved St. Olavs hospital i Trondheim kommune at Riksrevisjonen gjekk inn og granska heile prosjektet. Bakgrunnen var varsel frå helsepersonell, meldingar om svekt pasienttryggleik, tekniske problem og ein arbeidskvardag som mange opplevde som langt meir krevjande enn før. Mange har beskrive timar framfor skjermen i staden for tid med pasientane. Riksrevisjonen var knalltydeleg. Dei gav den hardaste kritikken dei har: sterkt kritikkverdig. Det er ikkje kvardagskost. Dei peika på svak styring, mangelfull kontroll, og at ein gjekk vidare sjølv om risikoen var kjent. Samtidig har helsepersonell fortalt om meirarbeid, dårlegare arbeidsflyt og mindre tid til pasientane. Ingen påstår at absolutt alt er feil, men når pasienttryggleiken blir utfordra, og tilliten ute i tenestene sviktar, held det ikkje å visa til fine ambisjonar og glansbilete frå då prosjektet blei lansert. Rekninga berre veks, milliard på milliard. Det er pengar for folk flest, pengar som skulle gått til fleire helsearbeidarar, betre kapasitet og raskare behandling. I staden har me fått eit prosjekt som stadig fleire opplever som eit tungt og kostbart feilspor. Framstegspartiet meiner me no må tora å stilla dei spørsmåla regjeringa verkar uvillig til å stilla. Kor lenge skal dette halda fram, kor mykje meir skal brukast, og kvar går grensa før nokon faktisk seier stopp? Det kan ikkje vera sånn at prestisje blir viktigare enn praksis. Når dei som står nærmast pasientane, seier frå om alvorlege problem, må politikarane lytta. Dette handlar ikkje om å vera mot digitalisering, det handlar om å vera for løysingar som fungerer i praksis – system som hjelper helsepersonell i staden for å gjera arbeidskvardagen meir tungvinn. Til slutt handlar dette om tillit, tillit til systema, tillit til leiinga og tillit til at politikarar faktisk grip inn når noko openbert ikkje fungerer som det blei lova. Nokre gonger er det mest ansvarlege faktisk å stoppa før det blir endå dyrare, endå større og endå vanskelegare å rydda opp i.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat