Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Stig Atle Abrahamsen, Anne Grethe Hauan og Morten Kolbjørnsen om å sikre norsk legemiddelberedskap gjennom nasjonal produksjon og forpliktende beredskapsavtaler og Representantforslag frå stortingsrepresentantane Geir Pollestad og Kjersti Toppe om ei offensiv satsing på norsk legemiddelproduksjon og -beredskap (Innst. 317 S (2025–2026), jf. Dokument 8

Innlegget

Det er seks år sidan covid-19 trefte verda, seks år sidan grensene blei stengde, seks år sidan Noreg mangla munnbind, hanskar og heilt grunnleggande smittevernsutstyr. Eg trur veldig mange hugsar bileta frå Gardermoen då tidlegare statsminister Erna Solberg stod og tok imot medisinar frå utlandet, som om det var ei luftbru inn til eit katastrofeområde. Det burde ha vore eit nasjonalt varselsignal. For covid-19-pandemien viste oss noko veldig brutalt: Noreg hadde gjort seg farleg avhengig av at resten av verda alltid skulle levera akkurat det me trong, akkurat når me trong det. Det handlar ikkje berre om Paracet og plaster. Det handlar om livsviktige medisinar som folk er heilt avhengige av kvar einaste dag – insulin, antibiotika, kreftmedisinar, anestesimedisin, blodfortynnande medisinar og ei lang rekkje andre legemiddel som sjukehus, ambulansar og pasientar må ha tilgang til for at helsevesenet faktisk skal fungera. Kva skjer dersom dei forsyningane stoppar opp? For samtidig som verda blir meir uroleg, har me framleis ikkje kontroll på noko så grunnleggande som om me faktisk har det sjukehusa treng dersom ei større krise varer over tid. Det mest oppsiktsvekkande er kanskje at Stortinget faktisk allereie i 2021 vedtok at ein skulle få på plass beredskapsavtalar for norsk produksjon av viktige legemiddel. Seks år etter covid-19 står me framleis her utan at det er på plass. Det er ganske alvorleg. Samtidig seier legemiddelindustrien sjølv at norske fabrikkar kan produsera store delar av dei kritiske legemidla NATO meiner er nødvendige i krise og krig, dersom staten inngår avtalar og sikrar råvarer og emballasje. Industrien seier dei kan bidra. Forsvaret åtvarar om beredskapen. Legeforeningen seier dette må behandlast som nasjonal sikkerheit. Men regjeringa svarer framleis med det same: at dette er komplisert. Ja vel, men virus, krig og kriser bryr seg fint lite om juridiske fotnotar og byråkratiske prosessar. Fremskrittspartiet ber ikkje om at Noreg skal produsera absolutt alt sjølv. Me ber om noko mykje meir grunnleggande: at landet skal ha evna til å halda folk i live dersom resten av verda sluttar å levera. For beredskap handlar ikkje om kva som fungerer på ein heilt vanleg tysdag i fredstid. Beredskap handlar om kva som skjer den dagen hyllene igjen står tomme.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat