Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Når ambulansetenesta rykkjer ut til psykiske kriser, veit me at dette kan vera stille eller farleg på sekundet. Det kan vera psykose, sjølvmordskrise, rusutløyste samanbrot, fortvilte familiar som ikkje veit kva dei skal gjera lenger. Kanskje møter dei ein ung gut eller ei ung jente som har vore inn og ut av systemet i årevis, med akuttinnlegging, utskriving og nye samanbrot – dei same rundane gong på gong. Kanskje har han skada seg sjølv, kanskje har han trua mor si, og kanskje står mora bak i gangen, livredd og veit at sonen hennar snart kjem heim igjen uansett. Han er for sjuk til å klara seg åleine, men samtidig for frisk til å få hjelp lenge nok. Midt i dette skal ambulansetenesta skapa ro før det tippar heilt over. Det er store krav å leggja på folk. Dei skal vurdera risiko, skapa tillit og ta kontroll, ofte på få minutt i situasjonar som er uoversiktlege og kan bli farlege. Dei skal ta vare på både pasient, pårørande og seg sjølve, samtidig. Det er ein krevjande jobb. Samtidig blir politiet stadig oftare involvert i psykiske helseoppdrag. Det seier eigentleg ganske mykje om kor pressa systemet vårt er. Dette har politiet sjølv peika på i årevis. Dei har bedt om ein psykisk helse-ambulanse, fordi desse situasjonane krev noko anna enn det vanlege patrulje- og ambulanseoppdrag gjer. Dette handlar ikkje om kritikk – tvert imot. Det handlar om å gje betre verktøy, meir støtte og rett kompetanse når det verkeleg gjeld. Me veit kva som fungerer. I Bergen har psykiatriambulansen vore i drift i mange år. Erfaringane er veldig gode, og situasjonane roar seg ofte. Behovet for politibistand er mindre. Det er fordi rett kompetanse kjem tidleg. Det er det me ber om: at dei som møter dei mest krevjande psykiske krisene, ikkje skal stå åleine, at hjelpa er tilpassa det pasienten treng, og at dei som rykkjer ut, har det dei treng for å gjera ein god og trygg jobb. Det er betre for pasienten, det er betre for familien, det er betre for dei tilsette, og det frigjer politiet. Psykisk krise er fyrst og fremst helse. Dei som står i det – både pasientane, familiane og dei som rykkjer ut – fortener betre enn det me gjev dei i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
