Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))

Innlegget

No må ikkje presidenten verte heilt avskipla, for no har eg eit bitte lite manus. Det er iallfall éin ting som er bra sikkert, det er at innbyggjarane i Møre og Romsdal rett og slett vert kasta under bussen når det gjeld helsetenester. Arbeidarpartiet har stått for det i lang tid no, og det er alvorleg for Møre og Romsdal at vi skal ha eit heilt anna helsetilbod enn resten av Noreg. No får partiet altså god hjelp til å kaste innbyggjarane under bussen, frå Høgre. Ein kan stå her og ha masse argument, men det er eigentleg heilt totalt bortkasta. Det prellar berre av, for det er eit fleirtal som kjem til å stemme ned dette, mest truleg. Då må innbyggjarane i Møre og Romsdal setje foten ned ved neste val, for det går ikkje an, vi kan ikkje vere eit annleisland. Og Høgre – eg må berre innrømme at eg har problem med å sjå kva Høgre eigentleg gjer i Møre og Romsdal. Partiet sørgde for å leggje ned behandlingssenteret i Mork. Høgre var inne og sikra at regjeringa fekk leggje ned dette senteret som var eitt av dei beste i Noreg. Det var 3 000 som gjekk i protesttog, og Høgre møtte ikkje opp eingong for å høyre på protestane. Partiet la ned senteret i Aure, det sørgde for at fleire vedtak knytte til Helseplattformen var blokkerte fram til no, og no støttar Høgre regjeringa, sjølv om partiet uttalte dette i valkampen i Møre og Romsdal: «Innføringen av det nye journalsystemet i Helse Møre og Romsdal har ført til kutt i flere områder av tjenestetilbudet, skriver Møre og Romsdal Høyre, og nevner blant annet konkrete vedtak om kutt innen psykiatri, ortopedi og tidvis stengte avdelinger. […] Vi godtar ikke et dårligere tilbud for innbyggerne i Møre og Romsdal […]» Jøye meg, er det mogleg – når ein ser kva som er effekten av Helseplattformen, og det som skjer no i Møre og Romsdal? Det er legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som vert sagde opp. Ein kuttar i tenestetilbodet på grunn av ei helseplattform som ikkje fungerer. Ho kommuniserer ikkje internt eingong, og ho kommuniserer iallfall ikkje ned hit. I fjor vart eg operert sjølv her i Oslo. Eg måtte hente legejournalen min på legekontoret og ha han med i papirform hit ned. Det er så greinalaust at eg har ikkje ord for det – det er altså i 2026. Og regjeringa tviheld på at sjølv om det er ein skandale, sjølv om det er aldeles på jordet, så skal ein halde fram med det, uansett konsekvensar, uansett om det rammar innbyggjarane i Møre og Romsdal. Det er ingen som kan akseptere det. Så då er det innbyggjarane som ikkje må akseptere det framover, og vi må få eit nytt fleirtal som kan setje dette på rett kjøl igjen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat