Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))
Innlegget
Helseberedskapen er heilt avgjerande for befolkninga i heile Noreg, og han er heilt avgjerande for oss i Møre og Romsdal. Dagen før litlejulaftan i 2006 – då var eg sjølv ordførar i min eigen kommune – rota eg oppe på taket på huset mitt i lag med ein feiar og ramla seks–sju meter ned på ein betongplatting og knuste ryggen. Eg var lam frå brystet og ned, så eg har fått følt på korleis det funkar. Natt til julaftan det året opererte ein spesialist frå Ullevål meg på St. Olav, og eg vakna julaftan og hadde fått følelsen tilbake i føtene. Ein betre julegåve vil ein aldri kunne få. Det overlegen sa, var at han ikkje kunne forklare korleis eg hadde fått tilbake følelsen, for ryggen var jo knust – ein virvel hadde omtrent eksplodert. Han bad meg ta meg ein lang tur i kyrkja, og det har eg for så vidt gjort. Han sa også ein annan ting, han sa: Reis heim og finn dei to i ambulansen, personellet som hadde beredskap, som rykte ut og var der nokre minutt etter at du ramla ned, for det dei gjorde, gjorde dei 100 pst. Hadde dei gjort ein millimeter eller nokre centimeter feil, hadde eg ikkje stått her, men sete i ein rullestol eller lege i ei seng. Den beredskapen har altså Helse Møre og Romsdal tenkt å kutte. Fordi ein manglar pengar i Helse Møre og Romsdal, skal ein fjerne beredskapen i ambulansane i Møre og Romsdal til éin person på beredskapsvakt. Viss eg hadde ramla ned i dag eller i morgon med ein slik beredskap, hadde eg sete i ein rullestol – eller kanskje omkome. Eg hadde masse indre blødingar, så det var den sida av saka. Det vil vere forskjellen i eit forsvarleg beredskapshelsetilbod, som helseministeren no står på talarstolen og seier at vi må kutte i – det er for mykje pengebruk til ting og tang – når ein i Møre og Romsdal skal fjerne to personar på vakt i ambulansane. Det er umogleg å bu i Geiranger eller på Misund når ein skal ha eit slikt system. Det er konsekvensen av Helseplattforma, og at vi no får dei økonomiske utfordringane som vi har i Helse Møre og Romsdal. Det går altså på livet laus for våre innbyggjarar. Det er fakta. Det er ikkje noko eg står og finn opp. Det er heilt ufatteleg å forstå at ei regjering og ein helseminister tviheld på at dette er så viktig å gjennomføre og ein tviheld på det – når ein byggjer eit nytt hus og gjer ein feil, taket lekk som ein sil, er Arbeidarpartiet og representanten Vasvik si løysing at ein skal sjå på at det renn vatn ned. Ein kan ikkje gjere noko med det når ein har gjort ein kjempetabbe. Helseplattforma er ein tabbe, det er ein fadese, ein bør stoppe det når ein har moglegheit, og når konsekvensane er så store for innbyggjarane at det rett og slett går på helsa laus i Møre og Romsdal.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat