Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen, Bjørnar Laabak og Tom Staahle om å avslutte byvekstavtaler og avvikle nullvekstmålet (Innst. 301 S (2025–2026), jf. Dokument 8:232 S (2025–2026))
Innlegget
Ja, vi ønskjer å skrote byvekstavtalar og nullvekstmål, men vi ønskjer å erstatte det med eit byutviklingsprogram. Alle dei som har stått her og snakka om at FrP vil skrote byvekstavtalane, fjerne bussen, fjerne gang- og sykkelvegen og berre ha bilar, har altså ikkje lese vår nasjonale transportplan. Eg trur eg veit kva eg snakkar om, for det var eg som var ansvarleg for den då vi la den fram. Vi la fram nøyaktig like mange milliardar i vår NTP til eit byutviklingsprogram som regjeringa la inn til sine byvekstavtalar. Til representanten Jone frå Arbeidarpartiet, som lurte på når vi skal finansiere dette: Vi skal finansiere det, det ligg i vår NTP, men vi skal finansiere det den dagen vi har fått skrota den byvekstavtalen som legg til grunn å loppe lommeboka til bilistane, der bilistane skal betale for kollektiv og gang- og sykkelveg dei ikkje skal bruke. Det er grunnlaget. Vi har ønskt ei byutvikling der vi skal ha saumlaus drift mellom bil, buss og trikk i byane, gangfelt, sykkelfelt osv. Sjølvsagt skal vi det. Vi ønskjer å utvikle det, til liks med det alle dei andre partia i Stortinget ønskjer, men vi ønskjer at det skal finansierast av staten, ikkje av bilistane, som ikkje skal bruke desse tiltaka. Ein byvekstavtale har som mål å få mindre bilkøyring, ein skal altså straffe bilistane. Det er umogleg å kome vekk frå, det er hovudgrunnen til byvekstavtalane. Dei stengjer vegar. Det er berre å kike seg rundt her i Oslo. Eg har køyrt her i fem år, men det vert berre verre og verre å køyre bil, for dei skal stengje gater og gjere det vanskelegast mogleg for bilistane. Når ein står på denne talarstolen og snakkar om at ein ønskjer at det skal verte så veldig bra for bilistane også, er det rett og slett svada. Det er ikkje sanninga, og det er ikkje realiteten. Realiteten er at byvekstavtalene er til for å gjere det vanskeleg for bilisten. Ein skal prioritere kollektiv, gang og sykkel, og det er bilistane som skal betale det. Det meiner vi er djupt urettferdig. Det nullvekstmålet er ikkje mogleg å nå. Viss ein ønskjer at bilen skal vere ein del av løysinga, ikkje eit problem, klarar ein å få dette til saumlaust. Det er heilt utruleg korleis dette med miljø og nullvekst rir landet. Ein barnehage som har vore i Hustadvika utanfor Molde i ti år, fekk altså motsegn frå fylkesmannen og fylkeskommunen fordi dei måtte få ned trafikken. Barnehagen har vore der i ti år, ein skulle berre justere noko i reguleringsplanen. Då var spørsmålet mitt til den gjengen rett og slett: Kan de vise meg ein unge som ikkje vert køyrd med bil til den barnehagen? Då vart det heilt stille, og så vart alle motsegnene trekte. Det er litt av utfordringa. Utfordringa er at ein må tenkje og bruke sunn fornuft i det heile. Det er det vi ønskjer å gjere, og ha byutviklingspakkar utan bompengar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat