Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen, Bjørnar Laabak og Tom Staahle om å avslutte byvekstavtaler og avvikle nullvekstmålet (Innst. 301 S (2025–2026), jf. Dokument 8:232 S (2025–2026))

Innlegget

Det er mogleg eg var utydeleg, men eg skal prøve å vere endå tydelegare i dette innlegget. Det er ikkje sånn at vi ønskjer å fjerne verken buss eller gangfelt eller sykkelveg, og berre auke til utfordringar med bil. Det er ikkje sånn. Vi ønskjer ein byutviklingspakke i staden for ein byvekstavtale der bilistane skal finansiere både kollektivtilbod og gang- og sykkelveg og alt det andre. Det er heile systemet vi ønskjer å leggje om. Vi har lagt inn akkurat like mykje pengar i byutviklingsprogrammet som regjeringa har gjort. Men vi ønskjer at bilen skal vere ein del av løysinga, ikkje sånn som det er i dag, der byvekstavtalane skal gjere det vanskelegast mogleg for bilistane. Og til den som prøver å seie noko anna: Det er ikkje riktig – og dette er fin, forsiktig ordbruk. Det er berre å kike seg rundt ut forbi nova i byen her og elles. Ein har prøvd å gjere så mykje krumspring for at det skal vere vanskeleg å køyre bil, det er det som er heile utgangspunktet. Og så er det sånn at det er plassar der det er tenkt at vi skal ha eit næringsliv, og vi skal ha noko å leve av. Ein kan ikkje gå med trøsykkel med fiskekassar bak på bagasjebrettet på Sunnmøre, det gjer vi faktisk ikkje. Møre og Romsdal er største eksportfylket i landet, målt per innbyggjar. Vi har ein bypakke som Jon Georg Dale fekk på plass i Ålesund. Vi fekk ikkje stoppa bompengane. Korleis er den bypakken? Firefelts motorveg som innfartsveg til Ålesund by. Det er det vi har bygd, ikkje tofelts veg – firefelts veg som innfartsveg til Ålesund by. Vi skal ikkje køyre fiskekassar på sykkel, ikkje i sidevogn på sykkel heller. Vi skal ha skikkelege vegar. Og det er bygd gangvegar og sykkelvegar – og kollektivtilbod i tillegg, sjølvsagt, men kommunane har ikkje pengar til å følgje opp kollektivbiten, for dei raud-grøne partia på Stortinget har sørgt for at det er så dyrt med buss at ingen fylkeskommune klarer å finansiere det. Berre her i austlandsområdet manglar dei ein milliard. I Møre og Romsdal er det fleire hundre millionar. Vi må kutte i busstilbodet. Samferdselsministeren har sagt det mange gonger til meg i replikkordskiftet at eg som er i fylkeskommunane, veit korleis dette fungerer. Ja, eg veit faktisk det. Kanskje fleire, både frå regjeringa og andre, burde teke seg ein studietur ut i fylkeskommunane og kommunane og sett korleis økonomien fungerer etter at kravet om nullutslepp på alle bussane kom, som gjer at ingen har råd til å kjøpe desse bussane. Vi må kutte i busstilbodet, sjølv om det vert bygd firefelts veg inn til Ålesund – så får no bilane køyre på han, då, når vi ikkje har råd til å ha buss der. Det er det som er realiteten. Så kom til Møre og Romsdal når som helst, gjerne samferdselsministeren også – eg skal vere den som skal vise han rundt i fylket og vise at vi ikkje har råd til å finansiere bussane, men vi byggjer faktisk firefelts veg inn til Ålesund.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat